• Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    23.02.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6525167
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
Ledigt jobb

Fjord1 ASA

Overstyrmann Askvoll-Værlandet-Fure

Ferger

Vi ser etter ein overstyrmann til vår ferge MF Nordfjord. Vil du bli ein del av eit dyktig og engasjert team?

Her får du lange friperiodar til familie og fritid. Det er ein faglig utfordrande men meiningsfylt jobb i eit framtidsretta selskap med fokus på miljø, teknologi og konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar. MF Nordfjord er eit fartøy som viser gode resultat tilknytta HMS og generelle måltal, og vi treng forsterkningar som kan bidra til det gode arbeidet om bord. 

Turnusen går slik: mandag-onsdag, fredag-mandag, onsdag-fredag etterfulgt av 9 døgn fri. Du arbeider bare dag/kveld og ikkje på natt.

Kvifor bør du søke?

  • Du får ein nøkkelrolle som leiar i eit team som bidrar til å å halde lokalsamfunnet saman.
  • Fleksibel turnus.
  • Engasjerte og dyktige kollegaer.
  • Mykje fritid både på helg og i kvardager.

Turnus gjer at ein bør bu innenfor rimelig avstand frå Askvoll. Ta kontakt ved spørsmål. 

 

Kvalifikasjoner:

  • D3-sertifikat
  • VHF/ROC-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • ECDIS kurs
  • Krise-og passasjerhandtering
  • Gyldig helseattest

Personlige egenskaper:

  • Vi leiter etter ein erfaren og dyktig dekkssjef med forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevende situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Vi ser etter ein fleksibel og løysingsorientert person som trives med ein variert arbeidskvardag. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. 

Vi tilbyr:

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Gode velferdsordningar

 

Vi ser fram til å høyre frå deg! Fjord1 har og fleire ledige stillingar – både på sambandet og i andre delar av bedriften. Sjå gjerne oversikta på www.fjord1.no.

 

  • Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    23.02.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6525167
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA