Företag
Kvam HeradAnsökningstiden
07.03.2025Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
Spesiell sertifiseringArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6092160Se här för andra jobb från Kvam Herad
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Kvam Herad
PP-rådgjevar
Oppvekst - PPTOffentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
PPT søkjer ein ny medarbeider i 40% fast stilling som PP-rådgjevar. I tillegg er det aktuelt å leggja til eit vikariat på 60% fram til 31.12.2025.
PPT er ei av fleire tenester under Kvam Familie- og Læringssenter (KFL) som har følgjande visjon - "Heilskapleg blikk - felles ansvar". Som PP-rådgjevar vil du få nytta kompetansen din på viktige arenaer for barn og unge, og bidra til system- og tenesteutvikling. I organisasjonsutvikling og systemarbeid knytt til barnehage og skule er PPT ein sentral aktør, og har eit godt samarbeid med familiesenter, barnevern og skulehelsetenesta. PPT er tett på barnehage og skule og har faste ute-kontordagar på alle skulane i kommunen.
PPT har i tillegg til å vera sakkunnig instans i spørsmål om Individuelt tilrettelagt opplæring, også eit sterkt systemperspektiv og prøver så langt me klarer å jobba saman med barnehage og skule for å styrka ordinær opplæring/allmennpedagogisk tilbod slik at flest mogleg elevar skal kjenna at dei er del av eit inkluderande læringsfellsskap. Saman med barnehage og skule, har me fokus på at "barn er ikkje vanskelege, dei kan ha det vanskeleg". Dette skal gjennomsyra vårt barne- og elevsyn og våre bidrag inn mot barnehage og skule. Me har tru på at PPT og dei andre tenestene i KFL kan vera med å bidra til gode oppvekstforhold for barn og unge i kommunen.
Arbeidsoppgåver
Som PP-rådgjevar vil du koma inn i etablerte samarbeid med barnehage, skule og tenestene i Kvam familie- og læringssenter og eksterne samarbeidspartar.
Individarbeid: Kartlegging og sakkunnig vurdering, samtalar med born/elevar som har behov for det og som er tilvist til PPT, oppfølging/rettleiing til først og fremst personale og nokre gonger føresette, både på individ- og systemnivå.
Systemarbeid: Kompetanseutvikling, organisasjonsutvikling, tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid gjennom bl.a. BTI (Betre tverrfagleg innsats).
Eit særleg førebyggande perspektiv, der målet om gode oppvekstvilkår og meistring for born og unge skal styra dine bidrag.
Kvalifikasjonar
Du som søkjer må vera pedagog oga ha fullført masterutdanning innan spesialpedagogikk. I tillegg ynskjer me at du har formell leiarutdanning og erfaring som leiar. Dette er grunna i at me ynskjer at den som vert tilsett kan tre inn som stedfortredar for PP-leiar/fungera som nestleiar på kontoret.
Andre kvalifikasjonar:
- Erfaring frå skule og arbeid i PPT er ein føremon. I tillegg til formell kompetanse vil erfaring frå skule og arbeid i PPT verta vektlagt.
- Det vil vera ein styrke at du har erfaring med/kompetanse på kartleggingsverktøy som t.d. Wisc-V, Logos lesetest, Celf-4.
- God skriftleg og munnleg formidlingsevne.
- Eit sterkt engasjement, der du ynskjer å arbeida både på systemnivå og individnivå for å bidra til at alle born får eit trygt og godt læringsmiljø.
- Du må ha sertifikat og bør kunna disponera eigen bil.
- Ved ny tilsetjing vert det stilt krav om politiattest, jfr. Opplæringslova og Helsepersonellova. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar og skal ikkje leverast med søknaden.
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å ta initiativ og arbeida sjølvstendig
- Du kan rettleia andre og gjera andre gode
- Du kan ta leiaransvar
- Du møter kvart barn og ungdom med respekt og interesse
- Du vil jobba i tråd med utviklingsarbeid som er i gang i Kvam herad, og nokre gonger kunna leia utviklingsarbeid
- Du klarar å jobba inn mot og saman med ulike tenester og samarbeidspartnarar på ulike nivå
- Du er samarbeidsvillig, vennleg og imøtekommande
- Du kan arbeida strukturert og aktivt i tverrfagleg samarbeid
- Du har pågangsmot og klarar å jobba med til tider stort arbeidspress og krevjande oppgåver
- Du kan møta mange ulike typar menneske og situasjonar med vennleg interesse og meistringsfokus
Vi tilbyr
- Eit positivt tverrfagleg arbeidsmiljø med solid fagleg kompetanse og stort engasjement
- Inspirerande og forskingsbasert utviklingsarbeid i Kvam Familie- og Læringssenter og i samarbeid med skular og barnehagar i Kvam
- Varierte arbeidsoppgåver på individ- og systemnivå
- Fast rettleiing i oppgåvene du står i
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
- Nye og moderne kontorlokale, samlokalisert med barnevern, familiesenter, fysioterapitenesta for barn og unge og barnehage- og skuleeigar.
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn.
Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk.
Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Företag
Kvam HeradAnsökningstiden
07.03.2025Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
Spesiell sertifiseringArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6092160Se här för andra jobb från Kvam Herad