Bedrift
Kvam HeradSøknadsfrist
SnarestHeltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
Spesiell sertifiseringArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6525612Se her for andre jobber fra Kvam Herad
Kvam Herad
Barnehagelærar
Oppvekst - BarnehageOffentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Me søkjer deg som er barnehagelærar og vil skapa ein trygg og stabil kvardag for born.
Frå 1. august kan me ha ledige stillingar som barnehagelærar i barnehagane våre. Me vil gjerne ha deg på laget vårt!
Grunnbemanninga er styrka utover minstenorm og vikarkoordinatorar rekrutterer og lærer opp vikarar i barnehagane våre.
Nyutdanna barnehagelærarar får tilbod om rettleiing av kvalifiserte rettleiarar.
Vil du vite meir om dei kommunale barnehagane, les her: https://www.kvam.no/tenester/barn-ungdom-og-familie/barnehage/barnehagar-i-kvam/
Arbeidsoppgåver
- Visa omsorg, ta ansvar og sjå barna sine styrkar og behov
- Støtta opp under kvart barn si utvikling og gje dei tid og ro, samtalar og leik
- Gje barna oppleving av meistring og gleda av å nå mål
- Skapa ein god barnehagekvardag for alle
- Ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga
- Leggja til rette for ein variert kvardag, der barna sine opplevingar er i fokus i tråd med rammeplan for barnehagar
- Rettleia, involvera og motivera
- Bidra til eit godt samarbeid med føresette og andre samarbeidspartar
- Delta i leiarteamet i barnehagen og bidra til pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen
- Tett samarbeid med spesialpedagog i barnehagen
Kvalifikasjonar
- Godkjent høgskuleutdanning som barnehagelærar, eller anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedaogogikk
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Jf. barnehageloven §27 må personar med utanlandske yrkeskvalifikasjonar dokumentera norskferdigheiter
- Ved ny tilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, jf. barnehageloven §19, denne skal ikkje leggjast ved søknaden. Attesten må ikkje vera eldre enn 3 månader.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Personlege eigenskapar
- Ha eit positivt barnesyn
- Vera profesjonell og visa fagleg engasjement og interesse
- Visa endringsvilje og vera løysingsorientert
- Samarbeida godt med andre
- Gode kommunikasjonsevner
Me tilbyr
- Ved funksjon som pedagogisk leiar vert det gjeve eit årleg tillegg på kr. 40.000,- i full stilling (forhaldsmessig ved deltid)
- Kvalifiserte rettleiarar står for rettleiing til nyutdanna dei to fyrste åra
- Moglegheit for støtte til relevant vidareutdanning
- Me arbeider for kjernetid for pedagogiske leiarar i alle barnehagar
- Arbeidskle
- Godt og fagleg arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsdagar
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon:
- Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Bedrift
Kvam HeradSøknadsfrist
SnarestHeltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
Spesiell sertifiseringArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6525612Se her for andre jobber fra Kvam Herad