• Company
    Kvam Herad
  • Application deadline
    25.01.2026
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Spesiell sertifisering
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6500193
  • Look here for other jobs from Kvam Herad
Vacancy

Kvam Herad

Rektor Kvam ungdomsskule

Oppvekst

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

ER DU DEN NYE REKTOREN VED KVAM UNGDOMSSKULE?

Me treng ein raus, tydeleg og engasjert rektor som kan leia Kvam ungdomsskule! 

Kvam ungdomsskule ligg plassert i vakre omgjevnader i Øystese i Hardanger, og har 269 flotte elevar som kjem frå Øystese, og bygdene rundt; Ålvik, Norheimsund, Steinsdalen, Vikøy og Tørvikbygd. Dei tilsette har høg fagleg kompetanse og god samarbeidskultur. Variasjon i undervisning og arbeidsmåtar, gode relasjonar og inkluderande klasseleiing er viktig i Kvammaskulen. Alle skulane i Kvam har støttesystem som gjev rask hjelp til elevar når behov dukkar opp. Skulen har eit aktivt og engasjert elevråd og foreldregruppe som støttar opp om eit trygt og godt skulemiljø.

Fokusområda til skulen dette året er følgjande: 

  • Fokus på trygt og godt skulemiljø og ordinær og inkluderande undervisning
  • BTI /Betre Tverrfagleg Innsats
  • HMS for tilsette

Stillinga er ledig frå 15. mars, men tiltreding kan og skje frå 1.8.26.

 

Arbeidsoppgåver

Rektor har ansvar for den totale drifta av skulen: pedagogisk, administrativt og økonomisk. Rektor er leiar for tre avdelingsleiarar, lærarar, fagarbeidarar, miljørettleiar og administrativ medarbeidar som til saman vert omlag 50 tilsette. 

Rektor arbeider tett med skuleeigar og rektorkollegiet i grunnskulen i Kvam, og samarbeider tverrfagleg med PPT, helsesjukepleiar, psykolog, barnevern og familiesenteret. Kvam har eiga mentorordning for nytilsette rektorar, nettverk for rektorar og faste kvalitetsdialogar mellom skuleleiarar og skuleeigar.

Som rektor vil du:

  • leia skulen i tråd med vedtekne rammer, politiske og administrative vedtak og gjeldande lovverk
  • vidareutvikla ein trygg og god skule, med eit inkluderande læringsmiljø for elevane og eit profesjonsfellesskap for dei tilsette
  • forvalta skulen sine totale ressursar strategisk slik at han sikrar god undervisning og læring
  • vidareutvikla det pedagogiske arbeidet, slik at læringsutbytet for kvar elev aukar
  • bruka forskingsbasert kunnskap og skapa engasjement om felles mål i tråd med LK 20     
  • involvera og samarbeida med elevar, tilsette, føresette og andre samarbeidspartar                                                                                      

Kvalifikasjonar:

Me treng ein rektor som har:

  • godkjend kompetanse etter Opplæringslova §17-1 og 17-2
  • skuleleiarerfaring og leiarutdanning eller er villig til å gjennomføra leiarutdanning
  • administrativ kompetanse, samt IT-kompetanse
  • kjennskap til aktuelle lover og avtaleverk for grunnskulen
  • god økonomi- og systemforståing
  • erfaring med leiing av utviklings- og endringsprosessar

Krav om politiattest i samband med tilsetjing jfr. Opplæringslova §17-11. Denne skal ikkje leggjast ved søknaden. 

Personlege eigenskapar:

Me treng ein rektor som :

  • er raus, engasjert, tydeleg og har god relasjonskompetanse
  • er visjonær og ambisiøs på elevane og skulen sine vegne
  • har eit positivt elevsyn og fokus på meistring for elevar og tilsette
  • er utviklings- og endringsorientert 
  • er imøtekomande og til stades for elevar, føresette, tilsette og samarbeidspartnarar
  • toler høgt arbeidstempo og kan arbeida etter tidsfristar
  • kan bidra til å utvikla det profesjonelle læringsfelleskapet på skulen og gjennom samhandling i oppveksteininga i Kvam herad
  • kan analysera, planleggja, gjennomføra og styra innan vedtekne rammer 

Me tilbyr

  • samarbeidsfora med alle skuleleiarane i kommunen og med overordna skuleleiing 
  • leiarsamlingar med alle 80 leiarane i kommunen
  • høve til å delta i utvikling av Kvammaskulen
  • leiarstøtte frå sentrale IT, HR og økonomifunksjonar  
  • høve til å delta på rektorutdanning
  • godt kollegialt samarbeid
  • godt tverrfagleg samarbeid 
  • lønn etter avtale, med gode, offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

Generell informasjon:

Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka.

  • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.   

 

  • Company
    Kvam Herad
  • Application deadline
    25.01.2026
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Spesiell sertifisering
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6500193
  • Look here for other jobs from Kvam Herad