• Företag
    Kvam Herad
  • Ansökningstiden
    09.03.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Ønskelig
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6091990
  • Se här för andra jobb från Kvam Herad
Ledigt jobb

Kvam Herad

Undervisningsstillingar i Kvam

Oppvekst

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Velkomen som søkjar til undervisningsstillingar i Kvam herad!

Kvam er ein god stad å bu for barn og vaksne! Me har flotte naturområde og fjell, tett på Hardangerfjorden, og alt dette berre ein times biltur frå Bergen! 

Kvammaskulen treng fleire engasjerte grunnskulelærarar. Me treng deg som brenn for god undervisning i eit trygt og godt skulemiljø. Du er oppteken av å motivera elevane for livslang læring og medverknad! 

Kvam har seks grunnskular: 

  • Ålvik skule 1-7.
  • Øystese skule 1-7.
  • Kvam ungdomsskule 8-10.
  • Norheimsund skule 1-7.
  • Tørvikbygd skule 1-7.
  • Strandebarm skule 1-10.


Kommunen og fylkeskommunen skal sørgja for at skulane har tilgang på vikarar ved vanleg og venta fråvær, opplæringslova 17-7.I samband med dette kravet, vil skulane kunna ha behov for vikarar i faste stillingar og andre vikariat. Prioriter gjerne arbeidstad i søknaden.

Skulane har som mål å ha lærande og inkluderande fellesskap for alle elevar. Me deler eit positivt elevsyn og arbeider for eit trygt og godt skulemiljø og at elevane har eit godt læringsutbytte.

Me føl LK 20 og den nye opplæringlova, og bruker ulike verktøy/ prosjekt som er felles for alle skulane, som til dømes; LP-modellen (læringsmiljø og pedagogisk analyse), VFL (Vurdering for læring) , Dekom (desentralisert kompetanseutvikling) og BTI (Betre tverrfagleg innsats).

 

Arbeidsoppgåver

  • Planleggja og gjennomføra variert undervisning i tråd med LK20 og gjeldande lovverk
  • Skapa eit trygt, godt og inkluderende læringsmiljø for elevane med god klasseleiing
  • Kontaktlærar-oppgåver kan vera aktuelt
  • Delta i og bidra til lærande profesjonsfellesskap ved skulane
  • Delta i tverrfagleg samarbeid
  • Kvalifikasjonar

Skulane treng ulike kvalifikasjonar, mellom anna desse:

  • Godkjend grunnskulelærarutdanning, 1.-7. trinn og 5.-10. trinn iht. opplæringslova
  • Særs aktuelle fag : engelsk, norsk, musikk, spesialpedagogikk, tysk
  • God fag/metode/ relasjons- kompetanse
  • Gode digital dugleik og kunnskap om pedagogisk bruk av IKT

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som er:

  • ein trygg, raus, kreativ og tydeleg klasseleiar
  • fleksibel, omstillingsdyktig og finn løysingar
  • strukturert og overheld tidsfristar
  • kommuniserer godt med kollegaer, elevar, føresette og andre samarbeidspartar
  • profesjonell, positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø 

Me tilbyr

  • Løn etter gjeldande tariffavtalar og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein interessant og utviklande jobb i eit godt og fagleg arbeidsmiljø
  • Kontaktlærartillegg kr 40.000,- pr år
  • Nyutdanna lærarar får rettleiing dei to første åra etter eit eige introduksjonsprogram med eigen rettleiar

Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Utanlandske søkjarar må ha generell godkjenning frå Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse for å få tilsetjing.

Ved ny tilsetjing vert det stilt krav om politiattest, jfr. Opplæringslova § 10-9. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månader og skal ikkje leverast med søknaden

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta, og me ber om at de skriv søknaden på nynorsk.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

 

  • Företag
    Kvam Herad
  • Ansökningstiden
    09.03.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Ønskelig
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6091990
  • Se här för andra jobb från Kvam Herad