Detaljer


Operatør Forbrenningsanlegg

Hallingdal Renovasjon IKS (HR) har ansvar for innsamling av avfall frå hushaldningar og fritidsbustadar i Hallingdal og Krødsherad. Ein av våre medarbeidarar ynskjer å gå av med pensjon våren 2021 etter 35 år i bedrifta og me har no ledig stilling som

Operatør Forbrenningsanlegg

Stillinga er ved avfallsforbrenningsanlegget som køyrer 24/7/365, koroperatørar arbeider døgnkontinuerlege skift. Hovudfunksjonen er å sikra effektiv og rasjonell drift av forbrenningsanlegget.

Den som blir tilsett må rekne med overtidsarbeid i forbindelse med vedlikehaldsstopp/ revisjonar. Det same gjelder arbeide på helg-/heilagdagar etter skiftplan eller i forbindelse med vakt/utkalling.

Det vil bli gjeven opplæring både som operatør og reparatør, då operatørar også må være forberedt på å utføre reparasjonar på anlegget og delta ved planlagt vedlikehald.

Fagretning innan mekanikarfag (bil, industri, automasjon, eller liknande). Viktige kunnskapsområde er forbrenningsteknikk, hydraulikk/pneumatikk, lager, elektromotorar, pumper og sveising. Bedrifta/avdelinga er godkjent lærebedrift i Kjemiprosessfaget (Operatør) og Industrimekanikarfaget (Reparatør).

Gode norskkunnskapar både skrifteleg og munnleg, minimum nivå B1.

Det er ønskeleg med truckførarsertifikat og kjelepassarsertifikat.

Stillinga krev god evne til å arbeide sjølvstendig (åleine vakt) og systematisk.

Arbeidsstad er i Kleivi næringspark i Ål kommune.

Opplæring vil bli gitt av arbeidsgjevar, herunder nødvendige kurs.

Løn etter HR sine retningslinjer. Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP. Hallingdal Renovasjon IKS er ei IA bedrift.

Søknad med CV skal sendast til Hallingdal Renovasjon IKS, Kleivi næringspark 31, 3570 Ål alternativt tilfirmapost@hallingdalrenovasjon.no . Merk: Søknad om stilling som Operatør.

Nærare informasjon får du ved å kontakte driftsleiar forbrenning, Olaf Nyheim tlf. 32 08 61 17 eller e-post olaf@hallingdalrenovasjon.no

Søknadsfrist 21. september 2019

 
Registrer deg på Karriere.no
  • Karriere Jobbmatch
  • Bedrifter ser relevante kandidater
  • Kom i kontakt og motta jobbtilbud
  • Du velger selv din synlighet
  • Over 90.000 registrerte kandidater