Detaljer

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    31.12.2021
  • Sted:
    ISDALSTØ
  • Stillingstype:
    Varierande arbeidstid
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    ISDALSTØ
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3361177
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune

Open søknad - psykisk helse og rus

Kort om stillinga

Her kan du søkja om å være ringevikar ved avdelingar tenesteområdet Psykisk helse og rus i Alver kommune. Psykisk helse og rus heildøgnbemanna butilbod består av Skrenten omsorgsbustad pluss, Røsvikdalen omsorgsbustad pluss, Krossleitet omsorgsbustad pluss og Radøy interkommunale busenter.

Du må i tillegg følgje med på nettet og søkje konkrete stillingar som er lyst ut dersom du er interessert i spesielle stillingar med fast arbeidstid og tenestestad.

Vi søkjer

  • Vernepleiar
  • Sjukepleiar
  • Anna treårig helse- og sosialfagleg bakgrunn
  • Helsefagarbeidar
  • Assistentar/ufaglærte må ha erfaring frå miljøterapeutisk arbeid/psykisk helse og rus - medisinkurs er ønskjeleg
  • 2. - 3. års studentar på sjukepleie/vernepleie

Du trivst med å arbeide med mennesker og har engasjement for fagfeltet psykisk helse og rus. Du er trygg i deg sjølv og i møte med andre. Du jobbar godt i team og trivst i eit høgt fagmiljø. Det vert lagt avgjerande vekt på personlege eignaheit oppimot målgruppa. Du må ha sertifikat klasse B. 

Vi har behov for vikarar som kan arbeide:

  • Medlevarturnus
  • Langvaktturnus
  • Nattevakter (Radøy Interkommunale Busenter og Skrenten omsorgsbustad pluss)
  • Kortvakter/dag-kveld (Skrenten omsorgsbustad pluss og Røsvikdalen omsorgsbustad pluss)

Vi kan tilby

Gode pensjons- og forsikringsvilkår.
Løn etter gjeldande tariffavtale.

Politiattest

I tråd med helsepersonellova vert det stilt krav om godkjend politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.