Detaljer

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    31.12.2020
  • Sted:
    ISDALSTØ
  • Stillingstype:
    Varierande arbeidstid
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    ISDALSTØ
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    2876536
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune

Open søknad oppvekst - ringevikar skule/barnehage

Her kan du søkja om å være ringevikar ved skular og barnehagar i Alver kommune sektor. Du bør i tillegg følgje med på nettet og søkje konkrete stillingar som er lyst ut dersom du er interessert i spesielle stillingar med fast arbeidstid og tenestestad.

Me søkjer
Me søkjer arbeidstakarar med lærarutdanning, barnehagelærar fagbrev, barne og ungdomsarbeidar eller tilsvarande. Ufaglærte kan og søkje. 

Er du under utdanning eller har undervisningserfaring så er det interessant.

Du må ha gode samarbeidsevner og gode haldningar til arbeid med barn i våre skular og barnehagar. 

Arbeidsoppgåver:

Hovudoppgåva  som ringevikar er å gå inn i den stillinga der det er fråvær og behov for vikar.

Vilkår:

Stillinga er timeløna. Løn ut frå kompetanse og erfaring. 

Gyldig politiattest etter opplæringslova må leggast fram.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt HR-avdelinga.

Etter at du har søkt kan det være lurt å kontakte den / dei avdelingane du er mest interessert i å arbeide for å markedsføre din søknad og undersøke behovet ved avdelinga. Lykke til.