Företag
Alver kommuneAnsökningstiden
30.09.2023Anställningsform
EngagemangBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4978199Se här för andra jobb från Alver kommune
- Uppdaterad 28.09.2023
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Alver kommune
Open søknad - heimetenesta
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Dersom du ynskjer å vera ringjevikar ved heimetenesta i Alver kommune har me lyst å høyra frå deg!
Som ringevikar kan me tilby vakter/arbeid ved fråvær grunna sjukdom, ferie eller andre mellombels høve som fører til behov for mellombels arbeidskraft. Me er spesielt interssert i søkjarar med helsefagleg bakgrunn eller studentar innan helsefag men andre kan også søkje. For nokon stillingar må du ha førarkort.
Tilkallingsvikarar har ikkje rett på å bli tilbudd arbeid eller plikt til å ta på seg tilbudd arbeid.
Du må i tillegg følgje med på nettet og søkje konkrete stillingar som er lyst ut dersom du er interessert i spesielle stillingar med fast arbeidstid og tenestestad.
Dersom du ikkje høyrer noko etter å ha levert søknad sit me pris på om du tek kontakt med den aktuelle avdeling du kan tenkja deg å arbeida ved - det er alltid kjekt med ein hyggeleg telefonsamtale:
Aktuelle avdelinger
Manger - avdelingsleiar Johnny Brattetaule
Frekhaug - avdelingsleiar Karin Bech
Knarvik Sør/Vest - avdelingsleiar Sølvi Ulvund
Knarvik Nord/Aust - avdelingsleiar Vanja Køhne
Alversund/Seim - avdelingsleiar Vibeke Løtvedt
Lindås - avdelingsleiar Liv Marit Hope
Ostereidet - avdelingsleiar Katrine Kleppe
Dagsenter - tenesteleiar Benthe Helland og fagansvarleg Ida Seljelid
Kven er du?
Du trivst med å arbeide med menneskjer og har engasjement for fagfeltet. Du er trygg i deg sjølv og i møte med andre. Du jobbar godt i team. Det vert lagt avgjerande vekt på personlege eignaheit oppimot målgruppa.
Me kan tilby
Gode pensjons- og forsikringsvilkår.
Løn etter gjeldande tariffavtale.
Politiattest
I tråd med helsepersonellova vert det stilt krav om godkjend politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Bli kjent med Alver kommune
Företag
Alver kommuneAnsökningstiden
30.09.2023Anställningsform
EngagemangBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4978199Se här för andra jobb från Alver kommune
- Uppdaterad 28.09.2023