Ledig stilling

Sogndal kommune

Ønsker du en fleksibel arbeidshverdag som BPA?

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ynskjer du ein fleksibel jobb som brukarstyrt personleg assistent (BPA) passar denne jobben for deg. Tenestemottakar er ei vaksen dame i rullestol. Me søker stabile personar til faste stillingar som brukarstyrt personleg assistentMe søkjer òg etter ferie- og tilkallingsvikarar 

  • 50 - 100 % x 2 fast stilling som brukarstyrt personleg assistanse med arbeid dagtid/ ettermiddag/kveld og 3. kvar helg. 

  • Tilkallingsvikarar med arbeid dag/kveld/helg  

  • Sommervikarer 

Det kan vera mogleg å tilpassa stillingane sin stillingsstorleik etter avtale mellom arbeidstakar og arbeidsleiar.  Skriv i søknaden kva type stilling du er interessert i.   

Arbeidsoppgåver: 
Arbeidsoppgåvene er varierte, men omhandlar praktisk- og personleg assistanse både i- og utafor heimen.

Dette involve
rer oppgåver åleine eller saman med tenestemottakar, diverse husarbeid, personlege gjeremål som stell, dusj, av-/påkledning og andre førefallande oppgåver.
 

Kvalifikasjonar: 

  • Ingen formell utdanning krevst  

  • Personlege eigenskapar vil verta vektlagt 

  • Politiattest må leggast fram ved tilsetting 

  • Ønskeleg med førarkort klasse B 

Personlege eigenskapar: 

  • Påliteleg 

  • Sjølvstendig 

  • Ansvarsbevisst 

  • Fleksibel 

  • God på samarbeid og kommunikasjon 

 Me tilbyr: 

  • Ein variert kvardag med spennande oppgåver  

  • Eit godt arbeidsmiljø med godt samhald 

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

  • Gode velferdsordningar 

  • Løn etter tariff som assistent 

Vi ønskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilrettelegge arbeidsforholda dersom du har behov for det.  

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.  

Kun søknadar mottekne innan frist og levert via Easycruit vert tekne i betraktning. Tilsetting for tilkallingsvikar/ferievikar vil skje fortløpande. Tilsetting fast stilling vil skje etter søknadsfrist er ute.