Bedrift
Gol kommuneSøknadsfrist
02.04.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3550, GOL
GOL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5059536Se her for andre jobber fra Gol kommune
Gol kommune
Områdeleiar i Miljøterapitenesta
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Miljøterapitenesta gir tenester til barn og voksne med utviklingshemming, autismespekterdiagnosar og andre funksjonsnedsettingar. Miljøterapitenesta består av fire bufellesskap, eit arbeidssenter og avlastningstilbod.
Vi har nå ei 100 % fast stilling ledig som områdeleiar i Helsetunvegen. Helsetunvegen har 15 bebuarar og om lag 60 tilsette. Helsetunvegen har per i dag to områdeleiarar. Gol kommune vil om kort tid starte med å sjå på organisasjonsstruktur i Miljøterapitenesta, så det kan bli endringar i oppgåver og ansvarsområde. Som leiar hos oss vil du møte eit inkluderande og støttande kollegium, og du vil ha tilgang til sektorens rådgjevarar innan fag, personal og økonomi.
Vi søkjer etter ein leiar som brenn for å sikre gode tenester. Som leiar er du opptatt av å skape tillit, legge til rette for at tilsette opplever mestring og motivasjon, samt skape en kultur med fokus på eit godt arbeidsmiljø og ein høg etisk bevisstheit. Du er ein leiar som involverer og gir ansvar til medarbeidarar, slik ar vi saman kan lære og utvikle oss.
Arbeidsoppgåver:
• Personalansvar
• Ansvar for turnusplanlegging, vikaroppfølging og dagleg drift
• Planlegge for gode tenester og arbeidstidsordningar, samt leggje til rette for gode arbeidsforhold
• Sikre samarbeid med pårørande og øvrige interne og eksterne aktørar
• Kvalitet- og utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar:
• Helse- og/eller sosialfagleg utdanning (bachelor)
• Kunnskap om relevant lovverk for tenesteområde
• Gode digitale ferdigheitar
• God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Vi ynskjer også at du har:
• Leiarerfaring og/eller utdanning
• Ein omsorgsfull leiarstil som skapar psykologisk tryggleik, engasjement og håp rundt deg
• Kjennskap til og erfaring med turnusplanlegging, samt lov og avtaleverk i forbindelse med arbeidstid og turnus
Vi tilbyr:
• Varierte utfordringar og ei engasjert personalgruppe
• Handlingsrom og moglegheit for å påvirke utvikling av tenestene
• Tverrfagleg samarbeid med andre områder og instansar
• Gode kollegaer og tett samarbeid i leiargruppa
• Gratis medlemskap på Goliat Gym (Gol Idrettsarena)
• Løn etter avtale og gode pensjonsordningar
• Gyldig politiattest må leggjast fram
Anna:
• Godkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med ved eventuelt intervju.
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjør oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden
Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Bedrift
Gol kommuneSøknadsfrist
02.04.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3550, GOL
GOL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5059536Se her for andre jobber fra Gol kommune