• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    15.08.2021
  • Sted:
    Leikanger
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    Vestland
  • Arbeidssted:
    Leikanger
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3966137
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune

Økonomisjef

Sogndal kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Har du lyst å bli vår nye økonomisjef? 

Me har ledig leiarstilling til deg som har god kompetanse i kommunaløkonomi og som vil vera med å styrke og vidareutvikla kommunen saman med dyktige og engasjerte medarbeidarar. Kommunen er inne i ei spennande tid og du vil vere sentral for at me skal lukkast med gode tenester. Ønskjer du å gjere ein skilnad i vår kommune?

Økonomiavdelinga har ulike oppgåver innanfor m.a. økonomi, rekneskap, innkjøp og finans- og kraftforvaltning. Du vil vere ein aktiv del av at kommunen skal nå sine mål og ha ei forsvarleg økonomiforvaltning som legg til rette for framtida. Stillinga rapporterer til kommunalsjef for administrasjon og innovasjon, men som økonomisjef vil du vere sentral som støttespelar for kommunedirektøren og alle kommunalsjefane. Som fagansvarleg for økonomi deltek økonomisjefen både i politiske og organisatoriske prosessar. Me er ein ny organisasjon med rom for vidareutvikling for oss alle og du må kunne pårekne nye oppgåver. 

Du vil kunne jobbe med:

  • leie økonomiavdelinga
  • fagansvarleg for økonomistyring, oppfølging og rettleiing
  • verksemdstyring og utvikling
  • årsbudsjett og økonomiplan
  • økonomisk analyse
  • finansforvaltning
  • prosessar og rapportering
  • innkjøp
  • eigedomsskatt
  • internkontroll mm
  • saker til politisk handsaming

Kvalifikasjonar:

  • høgare utdanning på minimum bachelorgrad i økonomi eller andre relevante fag
  • minimum fem års erfaring frå arbeid med budsjett- og økonomiplanarbeid i kommunal sektor
  • erfaring frå eller god kunnskap om offentleg forvaltning, lov- og avtaleverk
  • erfaring med saksframstilling for politiske utval eller styrande organ
  • gode IKT-kunnskapar
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • leiarerfaring og leiarutdanning er ønskjeleg

 Eigenskapar:

  • evne til å arbeide både strategisk og operativt
  • er nøyaktig og strukturert
  • humor og arbeidsglede
  • du får til samskaping og tek ansvar på tvers av fagområde
  • deler eigne og er open for andre sine tankar, idear og innspel
  • er god til å formidle, forankre og få folk med på laget 

Me tilbyr:

  • eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vere med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • gode velferdsordningar
  • fleksible arbeidstidsordningar
  • løn etter avtale

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 
  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    15.08.2021
  • Sted:
    Leikanger
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    Vestland
  • Arbeidssted:
    Leikanger
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3966137
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune