• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    28.11.2021
  • Sted:
    Leikanger
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    Vestland
  • Arbeidssted:
    Leikanger
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4211518
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune

Økonomirådgjevar

Sogndal kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

 

Me har ledig stilling til deg som har god økonomikompetanse og vil vera med å styrke og vidareutvikla kommunen saman med dyktige og engasjerte medarbeidarar. Kommunen er inne i ei spennande tid og du vil vere sentral for at me skal lukkast med gode tenester. Ønskjer du å gjere ein skilnad i vår kommune?


Økonomiavdelinga har ulike oppgåver innanfor økonomi, innkjøp og eigedomsskatt. Me er ein aktiv del av at kommunen skal nå sine mål og jobbar med innovativ økonomistyring. Stillinga rapporterer til økonomisjef, med tett samhandling med kommunalsjefane og kommunedirektør.

 

Arbeidsoppgåver: 

  • verksemdstyring og utvikling
  • utarbeide årsbudsjett og økonomiplan
  • økonomisk analyse
  • rapportering
  • økonomistyring, oppfølging, rettleiing
  • innkjøp
  • internkontroll

Kvalifikasjonar:

  • høgare utdanning med mastergrad i økonomi eller andre relevante fag. Relevant erfaring kan kompensere for utdanning.
  • gode IKT-kunnskapar
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • fordel med erfaring frå eller god kunnskap om offentleg forvaltning, lov- og avtaleverk
  • nyutdanna vert og oppfordra til å søke

 Eigenskapar:

  • evne til å arbeide både strategisk og operativt
  • er nøyaktig og strukturert
  • har humor og arbeidsglede
  • du får til samskaping og tek ansvar på tvers av fagområde
  • er god til å formidle, forankre og få folk med på laget 
  • har analytiske eigenskapar og er utviklingsorientert

Me tilbyr:

  • eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vere med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • gode velferdsordningar
  • fleksible arbeidstidsordningar
  • løn etter avtale


Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknad må leverast innan fristen og må sentast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. 

 

 

 
  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    28.11.2021
  • Sted:
    Leikanger
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    Vestland
  • Arbeidssted:
    Leikanger
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4211518
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune