• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    15.08.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3966135
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 06.07.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Økonomirådgjevar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Me har ledig stilling til deg som har god økonomikompetanse og vil vera med å styrke og vidareutvikla kommunen saman med dyktige og engasjerte medarbeidarar. Kommunen er inne i ei spennande tid og du vil vere sentral for at me skal lukkast med gode tenester. Ønskjer du å gjere ein skilnad i vår kommune?

 

Arbeidsoppgåver:

Økonomiavdelinga har ulike oppgåver innanfor økonomi, innkjøp og eigedomsskatt. Me er ein aktiv del av at kommunen skal nå sine mål og ha ei forsvarleg økonomiforvaltning som legg til rette for framtida. Me er ein ny organisasjon med rom for vidareutvikling for oss alle og du må kunne rekne med nye oppgåver. Stillinga rapporterer til økonomisjef, med tett samhandling med kommunalsjefane og rådmann.

 

Du vil kunne jobbe med:

· verksemdstyring og utvikling

· årsbudsjett og økonomiplan

· økonomisk analyse

· finans

· rapportering

· økonomistyring, oppfølging, rettleiing

· innkjøp

· eigedomsskatt

· internkontroll mm

· skrive saker til politisk handsaming

 

Kvalifikasjonar:

· høgare utdanning på minimum bachelorgrad i økonomi eller andre relevante fag

· gode IKT-kunnskapar

· god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

· fordel med erfaring frå arbeid med budsjett- og økonomiplan

· fordel med erfaring frå eller god kunnskap om offentleg forvaltning, lov- og avtaleverk

· Nyutdanna vert og oppfordra til å søke

 

Eigenskapar:

· evne til å arbeide både strategisk og operativt

· er nøyaktig og strukturert

· humor og arbeidsglede

· du får til samskaping og tek ansvar på tvers av fagområde

· deler eigne og er open for andre sine tankar, idear og innspel

· er god til å formidle, forankre og få folk med på laget

· analytiske eigenskapar og utviklingsorientert

 

Me tilbyr:

· eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vere med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst

· gode pensjons- og forsikringsordningar

· gode velferdsordningar

· fleksible arbeidstidsordningar

· løn etter avtale

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    15.08.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3966135
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 06.07.2021