Company
Norsk rikskringkasting ASApplication deadline
15.10.2022Form of employment
workTime.HeltidIndustry
Radio- og TV-selskaperEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4761948Look here for other jobs from Norsk rikskringkasting AS
- Updated 15.09.2022
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Norsk rikskringkasting AS
Nynorskpraktikant i NRK
Radio- og TV-selskaper
Har du lyst til å prøve deg som journalist og bruke nynorsk i NRK? Her får du lære alt du treng for å komme i gang med journalistikk på alle plattformer!
Vi ser etter samfunnsengasjerte ungdommar som brukar nynorsk. Du kan søkje uansett kor du kjem frå, men er du frå Nord-Norge, Trøndelag, Sørlandet eller Innlandet, er du særleg velkommen i søknadsbunken. Det skadar heller ikkje om du har ei utdanning eller ein yrkesbakgrunn ikkje alle andre journalistar har, for all erfaring og kompetanse kan komme til nytte i journalistikken.
Kvalifikasjoner:
For å bli nynorskpraktikant må du vere nynorskbrukar og ha lyst til å bli journalist. Vi tek inn folk med ulike bakgrunnar og utdanningar, men det er eit minstekrav at du har fullført vidaregåande skule. Vi leitar fyrst og fremst etter talenta.
Vi ønskjer søknader som fortel noko om deg og kvifor du søkjer. Det er viktig å legge attestar og vitnemål ved søknaden. Det er på grunnlag av dei vi kallar inn til intervju, språk- og studiotest. Det er ønskjeleg at praktikantane har førarkort.
Personlige egenskaper:
Vi leitar etter engasjerte og godt orienterte folk, også med fleirkulturell bakgrunn og frå ulike stadar i landet. Du må ha stå-på-vilje, like utfordringar og høgt tempo, og ha evne til å samarbeide og dele kunnskap med andre. Eit levande og godt språk, og evne til å fortelje, er viktig for å bli ein god journalist.Vi tilbyr:
- Seks månader opplæring og praksis i NRK med løn.
- Opplæring i journalistikk, med nynorsk som mediespråk, på nett, radio, fjernsyn og sosiale medium.
- Aktive NRK-journalistar som lærarar og spennande gjesteførelesarar.
- Prioritet til stillingar i NRK du er fullt ut kvalifisert for i tre år etter avslutta opplæring. I den perioden er du rekna som intern søkjar i NRK, men det er ingen garanti om arbeid etter ferdig praksis.
Les meir om stillingane på https://nynorskmediesenter.no/
Til no har vi lært opp 185 nynorskpraktikantar. Om lag 59 prosent av dei jobbar i media, og om lag 40 prosent er no tilsette i NRK. Vi har og tidlegare praktikantar i TV 2, i tillegg til ei rekke ulike riks- og lokalaviser rundt omkring i landet.
Vi samarbeider med Nynorsk avissenter i Mediehuset Firda. Dei driv ei tilsvarande opplæring for avis og nett, og lyser ut nytt kull med same søknadsfrist som oss.
Company
Norsk rikskringkasting ASApplication deadline
15.10.2022Form of employment
workTime.HeltidIndustry
Radio- og TV-selskaperEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4761948Look here for other jobs from Norsk rikskringkasting AS
- Updated 15.09.2022