Bedrift
Norsk rikskringkasting ASSøknadsfrist
18.04.2022Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Radio- og TV-selskaperUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4497277Se her for andre jobber fra Norsk rikskringkasting AS
- Oppdatert 31.03.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Norsk rikskringkasting AS
Nynorskpraktikant i NRK
Radio- og TV-selskaper
NRK Nynorsk mediesenter i Førde søkjer etter engasjerte ungdommar som brukar nynorsk og vil bli journalistar. Vi gjev opplæring og praksis i journalistikk og nynorsk som mediespråk for nett, radio, fjernsyn og sosiale medium. Det 37. praktikantkurset byrjar 22. august og er ferdig 28. februar 2023. Det er fem plassar på kullet.
Til no har vi lært opp 180 nynorskpraktikantar. Om lag 59 prosent av dei jobbar i media, og om lag 40 prosent er no tilsette i NRK. Vi har og tidlegare praktikantar i TV 2, i tillegg til ei rekke ulike avishus rundt omkring i landet.
Kvalifikasjoner:
For å bli nynorskpraktikant må du vere nynorskbrukar og ha lyst til å bli journalist. Vi tek inn folk med ulike bakgrunnar og utdanningar, men det er eit minstekrav at du har fullført vidaregåande skule. Vi leitar fyrst og fremst etter talenta.
Vi ønskjer søknader som fortel noko om deg og kvifor du søkjer. Det er viktig å legge attestar og vitnemål ved søknaden. Det er på grunnlag av dei vi kallar inn til intervju, språk- og studiotest. Det er ønskjeleg at praktikantane har førarkort.
Personlige egenskaper:
Vi leitar etter engasjerte og godt orienterte folk, også med fleirkulturell bakgrunn. Du må ha stå-på-vilje, like utfordringar og høgt tempo, og ha evne til å samarbeide og dele kunnskap med andre. Eit levande og godt språk, og evne til å fortelje, er viktig for å bli ein god journalist.Vi tilbyr:
Seks månader opplæring og praksis i NRK med løn.
Opplæring i journalistikk, med nynorsk som mediespråk, på nett, radio, fjernsyn og sosiale medium.
Aktive NRK-journalistar som lærarar og spennande gjesteførelesarar.
Det er ingen garanti om arbeid etterpå. Men etter avslutta opplæring skal nynorskpraktikantane bli rekna som interne søkjarar i NRK i tre år. Ved tilsettingar skal dei ha prioritet til stillingar dei er fullt ut kvalifiserte for.
Les meir om stillingane på https://nynorskmediesenter.no/
Vi samarbeider med Nynorsk avissenter i Mediehuset Firda. Dei driv ei tilsvarande opplæring for avis og nett, og lyser ut nytt kull med same søknadsfrist som oss.
Bedrift
Norsk rikskringkasting ASSøknadsfrist
18.04.2022Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Radio- og TV-selskaperUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4497277Se her for andre jobber fra Norsk rikskringkasting AS
- Oppdatert 31.03.2022