Bedrift
Kvam HeradSøknadsfrist
03.08.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
Spesiell sertifiseringArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6278743Se her for andre jobber fra Kvam Herad
Kvam Herad
Fastlege
Norheimsund LegesenterOffentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du bli ein del av vårt fagmiljø?
Kvam herad har ledig ein fastlegeheimel ved Norheimsund legekontor frå snarast.
Som fastlege i Kvam blir du ein del av eit kollegium på 12 fastlegar. Du får høve til å følgja pasientane dine over tid, du møter folk i alle aldrar, frå alle samfunnslag og i alle fasar av livet. Fastlegen er viktigare enn nokon gong i den kommunale helse og omsorgstenesta, og for samhandlinga med alle deler av helsetenesta.
Om Norheimsund legesenter
Legekontoret er eit kommunalt legekontor med 6 legar og 3 helsesekretærar. Legekontoret har både næringsdrivande og fastlønna legar og er lokalisert i Norheimsund sentrum. Det er fleire allmennlegar i spesialisering ved kontoret, og det er difor behov for spesialist i allmennmedisin til dagleg supervisjon og medisinsk fagleg ansvar. Legekontoret nyttar journalsystemet Webmed. Kontoret er tilknytt Norsk Helsenett, og nyttar e-resept og elektronisk kommunikasjon med andre kommunale helse og omsorgstenester og spesialisthelsetenesta. Bruk av e-konsultasjon, e-kontakt og timebestilling via digital dialog med fastlege på helsenorge.no.
God utstyrt laboratorium, EKG, spirometri og 24 timars-blodtrykksmåling. Ultralydapparat tilgjengeleg. Kontoret har interne fagmøter/smågruppemøter kvar veke
Arbeidsoppgåver
Kurativt legearbeid i fastlegeordninga
Heimelen ved Norheimsund legesenter har ei pasientliste på 700.
Deltaking i legevakt
Fastlegane i Kvam deltek i kommunal legevaktsordning og i interkommunal legevakt på Voss etter oppsett plan. Arbeid på legevakt er fastlønna og med gode lønns- og arbeidsvilkår. Kvam legevakt disponerer to velutstyrte legevaktsbilar for legane, også på dagtid. Fastlegekontora har daglegevaktfunksjon mellom kl 08.00 og 15.30.
Arbeid på legevakt kjem i tillegg til fastlegearbeidet, men legane set sjølve opp vaktlister ut frå den einskilde sine ønskje om vakter. Legevakt er heimevakt med faste tidspunkt der legen skal vera til stades på legevaktstasjonen i Norheimsund. Det er inngått lokal særavtale med gode lønns- og arbeidsvilkår.
Andre aktuelle oppgåver:
- 10% stilling som medisinsk fagleg ansvarleg for legekontoret
- Rettleiing av legar i utdanningsstillingar og/eller studenta
- Kommunen har behov for fastlegar til lovpålagde kommunale allmennlegeoppgåver og ynskjer å sørga for ei jamn fordeling av slike oppgåver mellom alle fastlegane. Me ynskjer å inngå frivillige avtalar, men viser også til fastlegeforskrifta § 12 om at fastlege i fulltidspraksis kan verta pålagt å delta inntil 7,5 timer per veke i andre allmennlegeoppgåver i kommunen.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege (opplys om HPR-nummer )
- Spesialistgodkjenning i allmennmedisin er ynskjeleg
- Gode fagkunnskapar og ferdigheiter
- Legen må kunne ta del i interkommunal og kommunal legevakt
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B, gjerne kode160
- Politiattest er krav ved tilsetting, men skal ikkje sendast ved søknaden
- Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som:
- Er triveleg og omgjengeleg, og ein god samarbeidspartner i kollegiet
- Har engasjement for allmennmedisin, og ønskjer å bidra til å utvikle fastlegeordninga i Kvam
- Trivst med akuttmedisin og legevakt
- Har god kunnskap om faglege retningslinjer, og utfører arbeidet i tråd med desse
- Møter pasientar på ein respektfull måte, og kommuniserer godt med pasientar
Om driftsformer
Ønskjer du fastlønn eller næringsdrift?
Kommunen er open for ulike driftsformer i det kommunale legekontoret:
- Næringsdrift i form av 8.2.- avtale der kommunen inngår avtale med legen om t.d. ytingar frå kommunen i form av hjelpepersonell, lokaler, utstyr o.l.
- Fastlønnsavtale med insentivordning (20% av refusjonsinntekter og eigenandelar)
- Legar som ønskjer fastlønn under spesialiseringsløpet kan, om dei ønskjer, inngå avtale om næringsdrift ved fullført spesialisering.
Kommunen er godkjend som utdanningsverksemd, og vil organisera spesialiseringsløp i allmennmedisin (ALIS) for søkjarar som ikkje allereie er spesialist.
Ta gjerne kontakt med våre kontaktpersonar Ingunn, Gudmund eller Ragnar som kan fortelja meir om korleis det er å jobba som fastlege i Kvam!
Om kommunen vår
Kvam herad har om lag 8500 innbyggjarar. Kommunen strekkjer seg langs vestsida av Hardangerfjorden. Det er godt kollektivtilbod til Bergen. Reisetid til Bergen sentrum er 1 time og 15 minutt. Her kan du lesa meir om korleis det er å flytta til Kvam: https://www.kvam.no/velkomen-til-kvam/dragning-til-kvam/
Kommunen har ei velfungerande helse- og omsorgsteneste, med institusjonar innan heildøgns omsorg og pleie fleire stader i kommunen. Kommunen har legesenter i Øystese og Norheimsund, og utekontor i Ålvik og Strandebarm. Ved Kvam behandlings- og rehabiliteringsavdeling har kommunen eiga KAD-seng, og tek i mot pasientar frå sjukehus for rehabilitering og ferdigbehandling. Kommunen satsar på heimetenestene, og i tråd med "Bu trygt heime"-reforma vil kommunen leggje til rette for at eldre skal bu heime lengst mogeleg. Fastlegen er viktig i dette arbeidet.
Kvam herad har tilsett kommunepsykolog for vaksne og kommunepsykolog for barn og unge. Me har dyktige tilsette i rus- og psykiatriteneste. Kommunen har eiga barnevernteneste, PP-teneste, og familiesenter for rådgjeving av familiar. Kommunen har saman med fleire kommunar eit samarbeid om tilsette ernæringsfysiologar. Det er fleire fysioterapiinstitutt i kommunen.
Generell informasjon:
Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Bedrift
Kvam HeradSøknadsfrist
03.08.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
Spesiell sertifiseringArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6278743Se her for andre jobber fra Kvam Herad