Företag
Norsk rikskringkasting ASAnsökningstiden
03.11.2021Anställningsform
workTime.HeltidBransch
Media, informasjon og PRUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
7052, TRONDHEIM
TRONDHEIM
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4155151Se här för andra jobb från Norsk rikskringkasting AS
- Uppdaterad 01.11.2021
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Norsk rikskringkasting AS
Nettjournalist i NRK P3
Media, informasjon og PR
P3.no er i medvind – aldri før har så mange lese journalistikken vi lager for unge vaksne i Noreg. No treng vi ein journalist i fast stilling til å lage god og meiningsfylt eigenjournalistikk som når unge på nettet.
Journalistikken på P3.no famnar om eit breitt spekter av innhald og forsøker å vise ei litt anna side enn andre medium. Vi tek oss tid til å dykke ned i tema som dei unge er opptekne av eller nysgjerrige på, og set kvalitet og visuelle verkemiddel høgt. Vi leiter etter deg som har ei dokumentert evne til å finne eigne idear og som vil skrive viktige saker for å nå eit ungt publikum. Du har ein tanke om korleis vi kan bli betre, du har ei interesse for ung kultur og det som rører seg i samfunnet, og du veit kvar du finn dei unge på nett.
I stillinga ser vi også etter arbeidsleiarkompetanse. Personen vi leiter etter, veit korleis hen skal få eigne prosjekt, så vel som andres, til å skinne.
Legg ved lenke til to arbeidsprøver som viser kvifor du er kvalifisert til stillinga.
Kvalifikasjoner:
- Godt språk og god penn
- Erfaring med å jobbe redaksjonelt
- Interesse for og kunnskap om korleis unge brukar nett og sosiale medium
- Innsikt i og ønske om å forstå kva unge i Noreg er og bør vere opptekne av
- Annan kompetanse, som lyd, video og foto er topp, men ikkje eit krav
Personlige egenskaper:
- Du er god til å samarbeide
- Du er ansvarleg og liker å ta initiativ
- Du kommuniserer på ein klar, presis og oppmuntrande måte til dei rundt deg
- Du jobbar godt og målretta med både større og mindre arbeidsoppgåver
- Du liker å jobbe for å oppnå mål og resultat
- Du klarar å prioritere
- Du er idérik
Vi tilbyr:
- Eit sosialt og spennande arbeidsmiljø
- Samarbeid med nokre av dei største og beste redaksjonane og produksjonane i NRK og P3
- Erfaring med fleirmedialt arbeid
- Løn etter lønsnivå og avtaleverk i NRK
Företag
Norsk rikskringkasting ASAnsökningstiden
03.11.2021Anställningsform
workTime.HeltidBransch
Media, informasjon og PRUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
7052, TRONDHEIM
TRONDHEIM
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4155151Se här för andra jobb från Norsk rikskringkasting AS
- Uppdaterad 01.11.2021