Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Norsk rikskringkasting AS

Nettjournalist i NRK P3

Media, informasjon og PR

P3.no er i medvind – aldri før har så mange lese journalistikken vi lager for unge vaksne i Noreg. No treng vi ein journalist i fast stilling til å lage god og meiningsfylt eigenjournalistikk som når unge på nettet.

Journalistikken på P3.no famnar om eit breitt spekter av innhald og forsøker å vise ei litt anna side enn andre medium. Vi tek oss tid til å dykke ned i tema som dei unge er opptekne av eller nysgjerrige på, og set kvalitet og visuelle verkemiddel høgt. Vi leiter etter deg som har ei dokumentert evne til å finne eigne idear og som vil skrive viktige saker for å nå eit ungt publikum. Du har ein tanke om korleis vi kan bli betre, du har ei interesse for ung kultur og det som rører seg i samfunnet, og du veit kvar du finn dei unge på nett.

I stillinga ser vi også etter arbeidsleiarkompetanse. Personen vi leiter etter, veit korleis hen skal få eigne prosjekt, så vel som andres, til å skinne.

Legg ved lenke til to arbeidsprøver som viser kvifor du er kvalifisert til stillinga.

Kvalifikasjoner:

  • Godt språk og god penn
  • Erfaring med å jobbe redaksjonelt
  • Interesse for og kunnskap om korleis unge brukar nett og sosiale medium
  • Innsikt i og ønske om å forstå kva unge i Noreg er og bør vere opptekne av
  • Annan kompetanse, som lyd, video og foto er topp, men ikkje eit krav  

Personlige egenskaper:

  • Du er god til å samarbeide
  • Du er ansvarleg og liker å ta initiativ
  • Du kommuniserer på ein klar, presis og oppmuntrande måte til dei rundt deg
  • Du jobbar godt og målretta med både større og mindre arbeidsoppgåver
  • Du liker å jobbe for å oppnå mål og resultat
  • Du klarar å prioritere
  • Du er idérik

Vi tilbyr:

  • Eit sosialt og spennande arbeidsmiljø
  • Samarbeid med nokre av dei største og beste redaksjonane og produksjonane i NRK og P3
  • Erfaring med fleirmedialt arbeid
  • Løn etter lønsnivå og avtaleverk i NRK