• Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    28.06.2021
  • Sted:
    VESTNES
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    MØRE OG ROMSDAL
  • Arbeidssted:
    VESTNES
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3918465
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune

NAV - rettleiar

Vestnes kommune

Offentlige tjenester og forvaltning

Stillingstype
NAV- rettleiar – 100% fast stilling – NAV Vestnes

Nav Vestnes har ledig 100 % fast stilling som rettleiar. Stillinga er ein del av den kommunale bemanninga.

Vi søker etter deg som er opptatt av å rettleie og motivere menneske som er i ein omstillingsfase på grunn av arbeidsløyse, helse- og/eller sosiale utfordringar. Vi ønsker oss medarbeidarar som er opptatt av løysingar og har gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til å handtere menneske i ulike livssituasjonar. Det blir lagt vekt på bistand til sjølvhjelp, tidleg innsats og andre aktivitetar som kan føre til utdanning og jobb. Vi har behov for ein medarbeidar som er engasjert, motiverande, ansvarsfull, fleksibel og endringsvillig.

Ved NAV Vestnes er det 12 stillingar fordelt på statleg og kommunale tenester.

Arbeidsoppgåver
• Kartlegging og utgreiing
• Oppfølging og rettleiing av brukarar mot arbeid og aktivitet
• Motivasjonssamtalar, rettleiing digitalt og i samtalar på NAV-kontoret
• Sakshbehandling etter folketrygdlova, NAV-lova, arbeidsmarkedslova og lov om sosiale tjenester i NAV
• Samhandling med arbeidsgjevar, tiltaksarrangør, fastlegar og andre aktuelle samarbeidspartar
• Samarbeid på tvers i kontoret og i eige team, der ein deler kunnskap og erfaring, samt samhandling om oppgåveløysning.
NAV er i endring og omstilling, så det må påreknast endring av arbeidsoppgåver

Kvalifikasjonar du må ha
• Minimum bachelor eller tilsvarande, gjerne innan psykologi, samfunnsfag, helse- og sosialfag, juridiske fag eller statsvitenskap.
Lang og relevant erfaring kan i særlege tilfelle kompensere for utdanningskravet.
• God munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne
• Beherske norsk munnleg og skriftleg
• God digital kompetanse, og gode evner til å sette deg inn i nye system og arbeidsmetodar
• Rettleiingskompetanse

Det er i tillegg ønskelig at du har:
• Erfaring frå oppfølgings- og endringsarbeid
• Inkluderingskompetanse
• Erfaring frå saksbehandling og lovanvending
• Erfaring fra NAV er ein fordel
• Innsikt og forståing av NAV si rolle i samfunnet
• Kjennskap til lokalt og regional arbeidsmarknad
• Førarkort

Personlege eigenskapar
• Fleksibel og tilpassingsdyktig med evne til omstilling
• Evne til å skape gode relasjonar
• Løysingsorientert og beslutningsdyktig
• Tydeleg og god på å kommunisere
• Motiverande og inkluderande
• Personleg eignaheit og motivasjon i stillinga vil bli tillagt vekt

Vi tilbyr
• Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
• Eit aktivt og engasjert arbeidsmiljø
• Ein dynamisk arbeidsplass med vekt på utvikling, kunnskapsdeling og humor
• Fleksitidsordning
• Opplæring, kurs og kompetanseheving
• Ein kommune som er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
• Gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av løna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referansar
Oppgi referansar

Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentleggjort.


Dersom du ønskar mer informasjon om stillinga kan du kontakte Tale Skjegstad

 

 

 

 
  • Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    28.06.2021
  • Sted:
    VESTNES
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    MØRE OG ROMSDAL
  • Arbeidssted:
    VESTNES
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3918465
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune