• Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    03.09.2026
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6686340
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
Ledig stilling

Gol kommune

NAV Hallingdal søkjer rettleiar innan sosiale tenester

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ønskjer du å arbeide med sosiale tenester i NAV? NAV Hallingdal søkjer rettleiar i 100 % fast stilling.


Hallingdal har om lag 21 500 innbyggjarar og er Noregs største reiselivsregion. Regionen omfattar dei seks kommunane Flå, Gol, Hemsedal, Hol, Nesbyen og Ål. NAV Hallingdal har 35 tilsette, med hovudkontor på Gol. Kontoret møter brukarar og samarbeidspartnarar i alle seks kommunane. 
NAV Hallingdal er organisert i to avdelingar: Arbeid og meistring og Arbeid og velferd. Denne stillinga er knytt til avdelinga Arbeid og velferd.

Kvalifikasjonar:

  • treårig relevant utdanning frå universitet eller høgskule, gjerne innan sosialfag, juridiske fag eller økonomi. Særleg relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • god kompetanse i bruk av digitale verktøy
  • kompetanse innan rettleiing


Personlege eigenskapar:

  • evne og interesse for å hjelpe menneske i utfordrande livssituasjonar
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • strukturert, med stor arbeidskapasitet, og trivst i eit hektisk arbeidsmiljø
  • evne til å arbeide målretta, nøyaktig og effektivt, både sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • fleksibel og omstillingsdyktig
  • personleg eignaheit vil bli tillagd stor vekt


Arbeidsoppgåver:

  • sakshandsaming etter lov om sosiale tenester i NAV
  • oppfølging av brukarar gjennom informasjon, råd og rettleiing
  • ha sterkt fokus på arbeid og aktivitet
  • samhandling med brukarar, kollegaer i NAV, arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartnarar
  • arbeidet inneber noko reiseverksemd. Den som blir tilsett må ha førarkort klasse B

Arbeids- og ansvarsområdet kan bli endra i tråd med behova ved kontoret.

Vi tilbyr:

  • spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
  • aktive og engasjerte kollegaer i eit godt etablert og velfungerande arbeidsmiljø
  • eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • fleksibel arbeidstid
  • arbeids- og lønsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • gode pensjonsordningar gjennom KLP

Send søknad:
Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre. Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først). Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.


Søknadsfrist: 3. september.

 

  • Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    03.09.2026
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6686340
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune