Company
Kvam HeradApplication deadline
04.01.2026Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
TemporaryIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
ØnskeligWork experience
ØnskeligAddress
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorwayNumber of positions
3Career-kode
6485756Look here for other jobs from Kvam Herad
Kvam Herad
Helsefagarbeidar i natt-tenesta
Natt-tenesta i KvamOffentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du jobba med oss i natt-tenesta?
Me gjev tenester til pasientar og brukarar i heildøgnsomsorg, i heimetenesta og til menneske med utviklingshemming. Gruppa jobbar fleksibelt og samarbeider på tvers av dei ulike gruppene i heile kommunen, Øystese -Norheimsund - Strandebarm
Me søkjer helsefagarbeidarar til to faste stillingar og eitt vikariat. Stillingane er ledige frå snarast. Me har også ledige helgestillingar med moglegheit for å jobba kvar 2.helg eller 3.kvar helg.
- 50% og 60% faste stillingar
- 80 % vikariat
- Helgestillingar
Skriv i søknaden din kva stilling du søkjer på.
Arbeidsoppgåver
- Omsorgsoppgåver som stell og pleie i heimetenesta, ved heildøgns omsorg og i omsorgsbustad
- Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar. Søkjarar med relevant erfaring frå pleie og omsorg kan bli vurdert for vikariat, dersom det ikkje søkjer helsefagarbeidarar
- Du må ha sertfikat klasse B
- Du må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, tilsvarande B2
- Du må kunna arbeida sjølvstendig og i team
- I natt-tenesta er me avhengig av eit godt tverrfagleg samarbeid mellom tenester og kollegaer og me søkjer difor etter ein fleksibel, engasjert og løysingsorientert helsefagarbeidar
Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova (gjeld ikkje matvertar) skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.
Ber om at du legg inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.
Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som:
- Tek ansvar og likar ei utfordring
- Har lyst til å utvikla deg fagleg
- Du likar ein variert arbeidskvardag med spanande utfordringar
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Møter andre på ein respektfull og open måte
Vi tilbyr:
- Eit godt arbeidsmiljø, på ein arbeidsplass som er i utvikling
- Hjå oss får du moglegheit til fagleg utvikling
- Du får øvd opp vurderingskompetansen din og brukt kunnskapen din i samspel med pasientar i ulike livsfasar
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Generell informasjon:
Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Company
Kvam HeradApplication deadline
04.01.2026Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
TemporaryIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
ØnskeligWork experience
ØnskeligAddress
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorwayNumber of positions
3Career-kode
6485756Look here for other jobs from Kvam Herad
-
Tilkallingsvikar Leikanger sjukeheim og heimeteneste
Sogndal kommune
Leikanger -
Helsesjukepleiar for tryggleik, støtte og vekst
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Tilkallingsvikar Balestrand helsetun og heimeteneste
Sogndal kommune
Balestrand -
Avdelingsleiar for bu og miljø i Balestrand
Sogndal kommune
BALESTRAND -
Helsefagarbeidar 80% vikariat
Øygarden kommune
STRAUME