Bedrift
Gol kommuneSøknadsfrist
08.01.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3550, GOL
GOL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5992079Se her for andre jobber fra Gol kommune
Gol kommune
Næringsrådgivar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
For å styrke næringsarbeidet søkjer vi ein engasjert og utviklingsorientert næringsutviklar i 100% stilling i avdeling for Plan og utvikling.
Som næringsutviklar vil du arbeide med mange interessante og utfordrande oppgåver med stor grad av samfunnskontakt. Stillinga skal bidra til eit godt samarbeid med næringslivet i kommunen og vil bli sentral i den kommunale utviklings- og samfunnsplanlegginga. Stillinga er plassert i sektor for Samfunn og utvikling med fagområde for teknisk infrastruktur, eigedomsforvaltning, plan og byggesak og landbruk og miljø.
Arbeidsoppgåver:
• Bindeledd og styrke kontakten mellom næringslivet og kommunen.
• Følgje opp strategisk næringsplan for Gol kommune.
• Tilrettelegging for eksisterande næringsliv og for nye etableringar.
• Samarbeide med ulike næringssamarbeid i kommunen og region Hallingdal.
• Saksbehandlar for folkevalde organ i kommunalt næringsarbeid og næringssaker.
• Kontaktperson for USN og andre utdanningsinstitusjonar. Bidra til vidareutvikling av Campus Hallingdal.
• Bu- og blilyst samarbeid mellom kommune og destinasjonsselskap.
• Bidra aktivt i kommunale planprosessar av betydning for næringsutvikling.
Kvalifikasjonar:
• Relevant høgare utdanning.
• Gode IKT kunnskapar.
• God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
• Førarkort klasse B.
Vi ynskjer at du som søkjar:
• Er samarbeidsorientert og har evne til å etablere gode relasjonar.
• Er initiativrik og nytenkjande.
• Har gode kommunikasjonsevner.
• Er heilskapstenkjande, strategisk og utviklingsorientert.
• Har erfaring med næringsutvikling, gjerne frå både offentleg og privat sektor.
• Har kjennskap til lokalt/regionalt næringsliv og destinasjonsutvikling.
• Evner å arbeide sjølvstendig og målretta.
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr:
• utfordrande arbeidsoppgåver i eit triveleg miljø
• faglig utvikling og oppdatering
• løn etter avtale
• god pensjonsordning
• hjelp til å skaffe bustad og eventuelt barnehageplass
For stillinga gjeld:
• Tilsetjing etter gjeldande lover og avtaleverk
Anna:
• Godkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med til eventuelt intervju, det blir berre rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.
• I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
• Under Arbeidserfaring i søknaden, må du oppgi tidligere arbeidsgivere og laste opp attest/tjenestebevis fra disse. Har du ikke tjenestebevis må du legge ved vedlegg som seier noe om dette
Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Bedrift
Gol kommuneSøknadsfrist
08.01.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3550, GOL
GOL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5992079Se her for andre jobber fra Gol kommune
-
Tilkallingsvikar Gol barnehage
Gol kommune
GOL -
Vernepleiar/sjukepleiar med fagansvar ved Miljøterapitenesta, Helsetunvegen
Gol kommune
GOL -
Kokk100 % fast stilling (utvida frå 75 % til 100 %)
Gol kommune
GOL -
Tilkallingsvikar Gol helsetun institusjon og demensomsorg 2024
Gol kommune
GOL -
Generell søknad
Gol kommune
GOL