• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    14.06.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Alver
    ALVER
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3895095
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 31.05.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Musikkpedagog, "kultursirkel" og song - 25% vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Det er ledig 25% stilling som songpedagog og musikkpedagog i Alver kulturskule.  Undervisninga finn primært stad på Radøy og gjeld songundervisning av unge elevar i barneskulealder i tillegg til undervisning i breiddetilbodet «kultursirkel» for elevar i alder 3 til 5 år (tidlegare kalla «musikk og leik») som ein liten del av stillinga.   Kultursirkel er eit tilbod der elevane får eit innblikk i kulturskulekvardagen, og kva kulturskulen er. Faget har fokus på musikk, rørsle og rytmar. Vi syng, spelar instrument, leikar, lyttar og lærar litt om teori, som instrumentkunnskap og notar. Ein viktig del av faget er og hospitering i dei ulike faga i kulturskulen; slik som dans, teater, kunst i tillegg til ulike musikkinstrument. Han/ho som får tilbod om stillinga vert tilsett i Alver kommune, med tenestestad Alver kulturskule.

Dersom det vert endring av elevgrunnlag eller personalsamansetjing ved skulen må evt. endring av undervisningsstad og stillingsinnhald kunne påreknast.

Han/ho som blir tilsett har ôg plikt til oppmøte på stabs- og planleggingsmøta i kulturskulen som ein del av stillinga, talet møte vert rekna ut etter stillingsstorleik.

 

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning av elevar åleine og i grupper samansett på grunnlag av alder, nivå og geografi i tillegg til samarbeid med andre kulturskuledisiplinar og lokalt lagsliv.
  • Tilrettelegging og utarbeiding av planar, møteverksemd og samarbeid med kulturskuleadministrasjonen.
  • Undervisninga finn stad etter grunnskulen sin undervisningsdag.

 Kompetanse

  • Relevant kulturfagleg og pedagogisk høgskuleutdanning og relevant erfaring. 
  • Personlege eigenskapar som engasjement og initiativ, og glede i å undervise born og unge vert vektlagt.

 Vi tilbyr

Lønn- og tilsetjingsvilkår etter lov- og avtaleverk

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    14.06.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Alver
    ALVER
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3895095
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 31.05.2021