Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Utlendingsdirektoratet

Mottaksoppfølgjar og kontraktsforvaltar

Offentlig forvaltning

Trivst du med ein variert arbeidskvardag og ønskjer å bruke kompetansen din på eit viktig samfunnsoppdrag som har innverknad på livssituasjonen til enkeltmenneske?

Då er stillinga mottaksoppfølgjar og kontraktforvaltar i UDI noko for deg. Vi har to faste stillingar og eit vikariat med varigheit på 1,5 år, med moglegheit for forlenging i Ankomst og transitteninga. Hos oss blir du ein del av ein organisasjon i utvikling som har eit dynamisk og tverrfagleg arbeidsmiljø prega av høg fagleg kompetanse og stort engasjement. 

Ankomst- og transitteninga er ein del av Mottaks- og returprosessen i UDI. Vi er ein beredskapsorganisasjon, og migrasjonssvingingane har direkte innverknad på arbeidet vårt ved at vi har ansvar for innkvarteringa av asylsøkjarar. I vår portefølje inngår Nasjonalt ankomstsenter på Råde, to transittmottak og fleire akuttinnkvarteringstilbod på Østlandet. Vi bidreg også i arbeidet med ankomstberedskap i Finnmark. UDI drifter ikkje mottaka sjølv, men sett dei ut på anbod og inngår kontraktar med driftsoperatørar. Som mottaksoppfølgjar og kontraktsforvaltar i Ankomst- og transitteininga blir du ein del av beredskapen, og ei sentral oppgåve i stillinga er å bidra inn i arbeidet med opp- og nedskalering av mottaksplassar på både operativt og strategisk nivå.  

På Nasjonalt ankomstsenter har UDI og Ankomst- og transitteininga et særskilt ansvar som omhandlar tilrettelegging av den samla oppgåveløysinga. Dette inkluderer forvaltning av eit driftsbudsjett og ein avtaleportefølje på vegne av samarbeidspartar som politi, sjukehus Østfold og, Råde kommunehelseteneste. I tillegg følgjar vi opp kontrakt om mottaksdrifta og ei rekke private kontraktspartar. I denne stillinga vil ein av dine oppgåver vere å følgje opp dei inngåtte kontraktane for å kvalitetssikre at drifta er i tråd med krava vi stiller. I samarbeidet med eksempelvis vertskommunane og andre etatar som helse og politi, vil din oppgåve blir å fremje sektoransvar og sjå til at mottaksbebuarane har tilgang til det dei har krav på etter lovverket. Du skal også behandle søknader om økonomiske ytingar for bebuarar i mottak. 

Mottak og retur har også ansvaret for assistert retur og for arbeidet med å førebu busetjing til kommunar. Alle mottaka utfører desse oppgåvene, og du vil også få retur- og busetjingsoppgåver ved behov.  

Vi jobbar i tverrfaglege team og vi er opptatt av læring og kontinuerleg forbetring for å sørgje for god økonomiforvaltning, internkontroll og gode tenester til brukarane våre. Det er viktig for oss at du bidrar inn i vidareutviklinga av tenestene våre.  

Kvalifikasjoner:

Du må ha:

  • utdanning på mastergradsnivå, gjerne innanfor jus, økonomi eller samfunnsvitskap. Utdanning på bachelornivå med relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande mastergrad 
  • kunnskap om offentleg forvaltning 
  • god digital forståing og gjerne erfaring med Office 365  
  • svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk  

Det er ønskjeleg med: 

  • erfaring eller kompetanse innanfor beredskap
  • erfaring med oppfølging av kontraktar eller tilsynsarbeid 
  • erfaring med rettleiing og saksbehandling  
  • erfaring frå arbeid med kontinuerleg forbetring  
  • førarkort, som følgje av at det er noko reiseverksemd i denne stillinga  

Personlige egenskaper:

  • Du identifiserer deg med UDIs kjerneverdiar: menneskeverd, profesjonalitet og heilskap.  
  • Du er analytisk, strukturert og god til å prioritere.    
  • Du er sjølvstendig, løysingsorientert og evnar å sjå ting i samanheng.  
  • Du er ein lagspelar som har svært gode samarbeidsevner og er dyktig til å byggje relasjonar. 
  • Du er god på å formidle fag og komplekse problemstillingar på ein lettfatteleg måte. 
  • Du har stor arbeidskapasitet og trivst i eit dynamisk arbeidsmiljø med mange arbeidsoppgåver parallelt.    

Vi legg stor vekt på at du må vere personleg eigna.  

Vi tilbyr:

  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver med store utviklingsmoglegheiter i ei verksemd med eit av Noregs viktigaste samfunnsoppdrag. 
  • fem vekers ferie, fleksitidsordning og høve til å trene i arbeidstida 
  • lønn som rådgivar/seniorrådgivar (kode 1434/1364) i lønnsspennet frå kr 580 000 til kr 730 000, og for spesielt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn -frå lønna blir det trekt to prosent i innskot til Statens pensjonskasse 

Berre kandidatar som søkjer via WebCruiter, blir vurderte for stillinga. Du må fylle ut WebCruiters CV- og søknadsfelt sjølv om du vel å leggje ved søknad/CV i eige format i tillegg. Du må hente vedlegg frå vitnemålsportalen i søknadsprosessen i WebCruiter. Ved utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Nokut.  

Utlendingsdirektoratet er opptatt av mangfald, og vi oppmodar derfor alle kvalifiserte til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. UDI er ei IA-verksemd, og vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. 

I samsvar med offentleglova kan ein søkjar bli offentleggjord sjølv om hen har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren blir i så fall varsla.