• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    01.08.2022
  • Stillingstype
    Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4680269
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 23.06.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Morsmållæarar i faste stillingar og vikariat til skulane i Øygarden kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden kommune gir tilbod til barn frå språklege minoritetar om opplæring i, og på morsmålet. Dette gjeld for barn som ikkje har tilstrekkeleg dugleik i norsk, for å kunne følgje ordinær undervisning.

Kommunen har for skuleåret 2021/2022 ledige stillingar som tospråkleg lærarar i følgjande språk:

  • Bosnisk/kroatisk
  • Portugisisk
  • Spansk
  • Swahili
  • Tigrinja
  • Uigur
  • Polsk
  • Arabisk
  • Russisk 
  • Dari
  • Islandsk

Det er ulik stillingsstorleik på stillingane frå 8% til 70%.


Arbeidsoppgåver:

  • Gi opplæring i og på morsmålet til barn frå språklege minoritetar, for å støtte norskinnlæringa. Dette gjelder for barn som ikkje har tilstrekkeleg kompetanse i norsk for å kunne følgje ordinær undervisning
  • Undervisninga kan foregå ved fleire skuler innen kommunen, innafor eller tilknyttet elevenes timeplan

Kvalifikasjonar

Den som skal tilsettast som morsmålslærar, må være norskspråkleg eller ha dokumentert gode norskkunnskapar, og ein av desse utdanningane:


Lærar med same morsmål som eleven

  • Lærarutdanning frå heimlandet til eleven godkjent av Nokut
  • Treårig utdanning for tospråklege lærarar
  • Høgare utdanning på minst tre år, inkludert pedagogisk utdanning, der eitt og et halvt år omfattar språket og kulturen til eleven
  • God kjennskap til den kulturelle bakgrunnen til eleven
  • God kjennskap til norsk språk og kultur
  • Godkjent politiattest, ikkje eldre enn 3 måneder

Norskspråkleg lærar

  • Pedagogisk utdanning som inkluderer minst 90 studiepoeng i elevens språk, og god kjennskap til den kulturelle bakgrunnen til eleven


Andre kvalifikasjonar

  • Det er ønskjeleg med undervisningserfaring, og gjerne erfaring frå arbeid med born og ungdom
  • Ved særskilte høve kan kommunen tilsetje personar mellombels som har dokumentert lang erfaring frå denne type arbeid, i tillegg til god kulturell, og språkleg forståing både frå heimlandet og Noreg, utan godkjent utdanning

Personlege eigenskapar

  • Du er ein trygg, varm og tydeleg lærar
  • Du møter elevar, kollegaer og føresette med respekt og forståing
  • Du har gode evner for samarbeid
  • Du er fagleg engasjert, fleksibel og løysningsorientert
  • Du er ansvarsbevisst og strukturert
  • Du bidreg positivt inn i arbeidsmiljøet

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling


Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    01.08.2022
  • Stillingstype
    Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4680269
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 23.06.2022