Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
12.01.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5980167Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Mobilitetsrådgjevar 100% fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Øygarden kommune står framom ei rekkje spanande oppgåver og prosjekt innan mobilitet dei komande åra. I 2027 vert ny Sotrabru opna, og når trafikken blir lagt i tunell under regionsenter Straume, ønskjer ein å utvikle eit sentrum med meir fokus på mjuke trafikantar, og nye mobilitetsløysingar med ein ny sentral mobilitetsterminal i regionsenteret.
Eigedom består av fire ansvarsområde, med eigedomsutvikling (som denne stillinga inngår i), utbygging, eigedomsforvaltning og reinhald. Eigedomsutvikling består i dag av 5 tilsette som tek i vare utviklingsarbeid, strategisk arbeid som eigar, mobilitet, klima og miljø, for å nemna noko. Stillinga vil jobba tett mot eigedomsforvaltning, plan og arealforvaltning for fagområde.
Kommunen er ein del av Miljøløftet, eit partnarskap i Bergensområdet som har forplikta seg til å nå målet om nullvekst i personbiltrafikk. Ansvaret for oppfølging av Miljøløftet er i Øygarden kommune lagt til eining Eigedomsutvikling.
Gjennom ulike tiltak i Miljøløftet arbeider vi for at;- det blir enklare og tryggare å vere syklist og gåande
- kollektivtilbodet blir betre
- vegane blir tryggare og trafikkavviklinga meir effektiv
- offentlege uterom blir trivelegare og grønare med plass til fleire menneske og færre bilar
- lufta vi pustar inn kvar dag blir betre
For å samordna, styrka og utvikla kommunen sitt arbeid med mobilitet ønskjer vil å tilsetje ein mobilitetsrådgjevar som ønskjer å vera med på å forme framtidas trafikk- og mobilitetsløysingar
Arbeidsoppgåver:- Leie og koordinere lokal arbeidsgruppe for mobilitet
- Delta i arbeidsgrupper i Miljøløftet
- Strategisk arbeid med haldningsskapande tiltak for å få fleire til å reisa miljøvenleg til skule, arbeid og i fritid
- Koordinera oppfølging og gjennomføring av mindre prosjekt knytt til mobilitet
- Arbeida med innovative og klimavenlege løysingar for mobilitet
- Delta i plan og utgreiingsarbeid som gjeld mobilitet og samferdsle
Må ha:
- Relevant erfaring innanfor mobilitetsfaget
- Erfaring med prosess- og prosjektleiing
- Relevant utdanning på masternivå.
- Kjennskap til miljøvenlege teknologiløysingar og innovasjonsarbeid er ønskeleg
- Erfaring som er relevant for strategisk arbeid med mobilitet og reisevanar.
- Ha gode samarbeidsevner
- Vera strukturert og sjølvstendig
- Evna til raskt å setja seg inn i nye oppgåver
- Vera serviceorientert og god på samhandling
- Samfunnsengasjert
- Løysingsorientert
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Jarle Kvalvik, Jarle.Kvalvik@oygarden.kommune.no, mob: 409 23 738
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
12.01.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5980167Se her for andre jobber fra Øygarden kommune