• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    09.04.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Engasjement
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5075246
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 17.03.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Miljøvaktmeister

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om stillinga:

På grunn av auka busetting av flyktningar har Flyktningtenesta i NAV Sogndal ledig eit års 50% midlertidig stilling som miljøvaktmeister.

Flyktningtenesta er ei avdeling i NAV Sogndal. Vi har ansvar for å busette og kvalifisere flyktningar etter vedtak i kommunestyret. I 2023 er det vedtatt å busette 140 flyktningar fordelt i heile Sogndal kommune.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for klargjering av husvære for busetjing, inkludert framskaffelse av møblar og utstyr
  • Møte flyktningar på busstasjon/flyplass og hjelpe dei på plass i ny bustad
  • Burettleiing, både til enkeltpersonar og grupper
  • Enklare praktisk/teknisk hjelp i bustad og oppfølging av henvendelsar knytt til dette
  • Tverrfagleg samarbeid

Stillinga er i hovudsak på dagtid i vekedagane, men inneber store krav til fleksibilitet då dei fleste flyktningane ankjem på kveld. Ein må pårekne noko arbeid i helg og helligdagar. Ved større arbeidsomfang kan det bli aktuelt å auke stillinga til 100%.

 

Kvalifikasjonar:

  • Kompetanse innan teknisk arbeid som er relevant for etablering og oppføljing av bustadar
  • Førarkort klasse B
  • Gode kommunikasjonsferdigheter
  • Gode norskferdigheter, og det er ein stor fordel om du snakkar fleire relevante språk(tigrinja, arabisk, ukrainsk, russisk, engelsk)

Me ynskjer vidare at du har:

  • Fleirkulturell forståing og erfaring
  • Erfaring med busetjingsarbeid

 

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig og strukturert
  • Imøtekomande og tolerant i møte med andre
  • Trygg og tydelig

Det vert vektlagt at ein er personleg eigna

 

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit. 

 

 

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    09.04.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Engasjement
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5075246
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 17.03.2023