Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
25.12.2024Ansettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5983677Se her for andre jobber fra Ål Kommune
Ål Kommune
Miljøterapeutisk team
Offentlig forvaltning
Ål kommune opprettar eit miljøterapeutisk team som prøveprosjekt i 2025. Dette teamet skal bestå av 4 medarbeidarar i inntil 100% stilling. Teamet skal arbeide behovsstyrt og systematisk ved alle skular og barnehagar i kommunen, og vil organisatorisk bli plassert under kommunalsjef oppvekst. Ein av medarbeidarane vil få fagansvar for teamet i delar av stillinga. Teamet skal arbeide saman med ekstern bistand vårhalvåret -25, og erstatte ekstern bistand frå hausten -25.
Målgruppa for dette tiltaket er born og unge som strevar med åtferdsvanskar, traumeproblematikk, sosiale og emosjonelle vanskar og andre sterke kjensleuttrykk som gjer det vanskeleg for born og vaksne i barnehage og skule.
Teamet skal jobbe direkte med barn og unge ved skular og barnehagar i Ål kommune. Teamet skal jobbe tett saman med medarbeidarar ved den einskilde skule/barnehage, spesielt miljørettleiarane som allereie er tilsette i avdelinga. Teamet skal dessutan samarbeide med aktuelle samarbeidspartar frå t.d. Familiens hus, barneverntenesta, KE og BUP. Teamet skal dessutan kunne tilby miljøterapeutisk bistand gjennom tilrettelegging, veiledning, kompetanseheving og støtte i barnhage, skule og heim. Fokus kan vera oppfølging av einskildborn, trivsel og trygge klassemiljø for alle, gruppetilbod og tverrfagleg samarbeid. Kompetanse og erfaringar må overførast til dei vaksne som jobbar rundt borna/ungdommane i kvar avdeling.
Det skal jobbast med å stabilisere utfordrande situasjonar for born og vaksne, dessutan laga trygge og gode system for at teamet etterkvart kan trekke seg ut. Teamet skal samarbeide tett med dei som er tettast på born og unge ute i oppvekstsektoren, slik at medarbeidarane i skule og barnehage blir trygga og rusta til å halde tak i arbeidet før, under og etter ein krevjande periode.
Kvalifikasjonar
- utdanning på høgskule- eller universitetsnivå, relevant for arbeid med barn og unge
- kompetanse/erfaring knytt til arbeid med sårbare barn, unge og familiar
Personlege eigenskapar
Vi vektlegg personlege eigenskapar og ynskjer deg som:
- har motivasjon og interesse for sårbare barn og unge
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- har pågangsmot og engasjement
- er påliteleg og positiv
- er fleksibel og løysingsorientert
Vi tilbyr
- meiningsfullt og gjevande arbeid
- engasjerte kollegaer
- utviklande fagmiljø
- godt arbeidsmiljø
- pensjonsordning KLP
- hjelp til å finne bustad
- lønn etter gjeldande tariffavtale
Politiattest og søknad
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
- intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Velkomen som søkjar!
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
25.12.2024Ansettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5983677Se her for andre jobber fra Ål Kommune
-
Pedagogisk leiar - Sundre Barnehage
Ål Kommune
ÅL -
Spesialpedagog - Torpo skule
Ål Kommune
ÅL -
Miljøarbeidar
Sunnfjord kommune
FØRDE -
Langevåg skule og SFO søker fagarbeider/assistent i 80% vikariat ut skuleåret
Sula kommune
LANGEVÅG -
Barnehagelærar og tilretteleggingsressurs
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND