• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    27.09.2021
  • Sted:
    RONG
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    RONG
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4095173
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune

Miljøterapeuter til 2*100% fast stilling i Vågaleitet omsorgsteam

Øygarden kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

Vågaleitet omsorgsteam yt tenester til menneskjer med ulike hjelpebehov som bur i eigne bustadar. Vi har som målsettjing å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, kor trivsel, sjølvbestemmelse, tillitsskapande arbeid og meistring tilleggjast stor vekt. Det er fellesmåltid ein gong i veka og andre fellesaktivitetar i regi av basen. Vi er ei flott og tverrfagleg  samansett personalgruppa beståande av vernepleiarar, hjelpepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. Vi har no ledig 2 x 100% fast stilling som miljøterapeut. Stillinga er ledig frå snarast. Det er årsturnus med langvakter på inntil 14 timar med arbeid 4. kvar helg. 

 

Arbeidsoppgåver:

  • Dagleg omsorg og miljøarbeid i tenesta til den einskilde.
  • Fagleg arbeid med observasjon, rettleiing, motivering, gjennomføring og evaluering av tiltak tilpassa aktuelle bebuarar.
  • Primærkontaktansvar, tverrfagleg samarbeid med ulike instansar og kontakt med pårørande.
  • Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå avdelingsleiar.
  • Legemiddelhandtering
  • Oppfølgjing i forhald til helse og omsorgstjenesteloven kap. 9 og pasient og brukerrettighetsloven kap. 4a.

 

Kvalifikasjonar: 

  • Autorisasjon frå 3 årig høgskule utdanning innan helse, fortrinnsvis vernepleiar/ sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Min. aldersgrense 18 år.
  • Sertifikat klasse B
  • Kjennskap til Helse og omsorgstenestelova kap 9 og Pasient og brukerrettighetsloven kap. 4a

 

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå liknande arbeid

Personlege eigenskapar:

  • Fleksibel
  • Løysingsorientert
  • Gode samarbeidsevner
  • Strukturert
  • Godt humør

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt:

Avd.leiar Vågaleitet:  Vivian Kvinge, tlf 55 09 73 11/ 41 41 55 21

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 
  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    27.09.2021
  • Sted:
    RONG
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    RONG
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4095173
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune