Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
06.08.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5280832Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 19.07.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
Miljøterapeuter søkes til 66% og 68% fast stilling, Straume bu og service senter
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Straume bu og servicesenter er eit unikt og levande senter lokalisert sentralt på Straume. Vi har ei flott personalgruppe som saman gjer sitt beste for at våre bebuarar skal få væra aktiv, oppleve tryggleik og meistring. På senteret jobbar det sjukepleiarar, vernepleiarar, spesialpedagogar, musikkterapeut, helsefagarbeidarar og assistentar.
Senteret inneheld tre bufellesskap, ei dagavdeling og 28 omsorgsbustader. Det er no 2 ledige faste stillingar på 66 og 68% som miljøterapeut i vårt bufellesskap for vaksne utviklingshemma. Stillingane har turnus med langvakter 12,5 timer kvar 4. helg. Stillingane kan aukast med timebank.
Er du aktiv, initiativrik og løysingsorientert? Då treng vi deg!
Arbeidsoppgåver:
- Rettleiing og tverrfagleg samarbeid
- Ivareta brukars individuelle behov
- Dokumentering i fagjournal
- Leggje til rette for meiningsfylt aktivitet
- Miljøterapi
- Praktiske oppgåver i avdelinga
- Medikamenthandtering
- Samarbeid med pårørande og andre samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Autorisasjon som helsefagarbeidar, sjukepleiar, vernepleiar eller anna helsefagleg retning
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Sertifikat klasse B
- Godkjent politiattest
Ønskjeleg med:
- Ønskjeleg med erfaring frå arbeid med eldre
- Ønskjeleg med erfaring frå dagavdeling/dagsenter.
- Du må trivast saman med menneskjer og ønskje å yte ditt beste for å ivareta våre brukarar.
Eigenskapar:
- Du er engasjert og positiv
- Du har gode samarbeidsevner
- Er ein god teamarbeider
- Kan jobbe sjølvstendig og er løysningsorientert
- Du er open for nye utfordringar
- Evner å takle stress og hektiske situasjonar når det er naudsynt.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø ved å fremme det positive
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Startlån
Anna:
- Sjukepleiarar i turnus får eit eit rekrutteringstillegg på kr 35.000; over tariff i Øygarden kommune.
- Stillinga kan aukast med timebank
- Dersom interne søkjarar kan anna stilling bli ledig
- Stillinga er ledig frå snarast
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
06.08.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5280832Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 19.07.2023