Bedrift
Aukra kommuneSøknadsfrist
12.10.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6480, AUKRA
AUKRA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6414258Se her for andre jobber fra Aukra kommune
Aukra kommune
Miljøterapeut -vikariat til 30.06.26
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi ønskjer oss ein ny medarbeidar for å gjere teamet komplett. Liker du å være aktiv saman med andre, samtidig som du er kreativ og ikkje er redd for å ta ei utfordring? Då oppfordrar vi deg til å søkje:
100 % vikariat som miljøterapeut fram til 30. juni 2026
Aukra kommune ønskjer seg ny medarbeidar som kan vikariere for tilsett. Stillinga som miljøterapeut skal i hovudsak bistå personar med rettleiing i dagleglivets oppgåver som; helse, søknadar, bustad, økonomi, arbeid, aktivitet og fritid med meir. Arbeidet er i hovudsak på dagtid, men den som vert tilsett må kunne rekne med å arbeide på ettermiddag/kveld ved behov. Næraste leiar er avdelingsleiar.
Om avdelinga
Stillinga er organisert i psykisk helse og rus som høyrer til eining for Helse. Eininga består av legesenter, helsesjukepleie, fysio- og ergoterapi, samt psykisk helse og rus. Avdelinga består av 2 miljøterapeutar og 2 stillingar som psykiatrisk sjukepleier. Psykisk helse og rus driv lågterskeltilbod, førebyggjande arbeid, miljøarbeid og individuell oppfølging for personar med låge eller moderate psykiske helseproblem. Avdelinga skal også være en del av psykisk helseteam for barn og unge som snart skal startast opp, samt engasjert i interkommunalt prosjektsamarbeid for å skulle starte opp FACT og FACT Ung.
Vi ønskjer søkjarar med følgande kvalifikasjonar;
- 3- årig helse- og sosialfagleg utdanning på høgskolenivå, men ikkje eit absolutt krav (om du ikkje fyller kravet til høgskoleutdanning vert du tilsett som miljøarbeidar)
- Erfaring frå klinisk arbeid er ein fordel
- God på observasjon, kommunikasjon og samhandling
- Godkjent politiattest
- Sertifikat klasse B
- Digital kompetanse
- Godt munnleg og skriftleg språk (nynorsk)
- Fleksibel i tenesta og med gjennomføringsevne
Vi legg vekt på at du er personleg eigna for stillinga.
Vi tilbyr;
- Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer
- Løn etter tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Bedrift
Aukra kommuneSøknadsfrist
12.10.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6480, AUKRA
AUKRA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6414258Se her for andre jobber fra Aukra kommune