• Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    28.01.2022
  • Stillingsfunksjon
    Vikariat
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6390, VESTNES
    VESTNES
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4313320
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
  • Oppdatert 18.01.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vestnes kommune

Miljøterapeut - vikariat i 100 % stilling - langturnus

Offentlige tjenester og forvaltning

Stillingstype
Vi søkjer etter miljøterapeut til ledig 100% vikariat ved bueining Kariplassen B. Vikariatet har varigheit frå snarast og fram til omlag januar 2023, med muligheit for forlenging.

Arbeidstid
Arbeidet er i langturnus der ein er på arbeid i to eller tre døgn sammenhengende, med påfølgande friperiode. Ein arbeidar kvar 4.helg.  Det er lagt inn tilsaman ti timar pause / kviletid i arbeidstida per døgn. Arbeidet er organisert i team der ein er tre tilsette på jobb til ei kvar tid. Sammensetjinga av dei ulike teama er rullerende ut i frå turnusplan. 

Arbeidsstad
Kariplassen B ligg i nærleiken av Vestnes sentrum.  Eining for aktivisering og meistring yt tenester til personar i ulik alder og funksjonsnivå. Tjenesten ytes i heimen til den enkelte og er individuelt tilrettelagt.

Arbeidsoppgåver
- nødvendig oppfølging i dagleglivet. Bidra til fagleg arbeid ved eininga og i tenestemotakaren sitt liv
- observere, registrere og kartlegge . Dersom det er nødvendig med bruk av tvang, har du ansvar for saksutgreiing, gjennomføring og evaluering av tiltak
- gi opplæring til kollega i høve Helse- og omsorgstenestelova kap. 9 og andre faglege tema
- utarbeiding av rutiner i tråd med aktuelt lovverk, miljøreglar og oppfølging av desse
- ivareta krav i høve dokumentasjon

Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter personar som fortrinnsvis er utdanna vernepleiar eller andre med 3-årig utdanning på høgskulenivå innan helse og sosialfag.

For stillinga legg vi og vekt på følgjande eigenskapar og innstilling til arbeidet:
- god kunnskap om psykisk utviklingshemming
- kunnskap om gjeldande lovverk for tenesteytinga, særskilt Helse- og omsorgstenestelova kap.9
- ferdigheter innan målretta miljøarbeid og individuell tilrettlegging
- ønskeleg med kompetanse i handteringog førebygging av utfordrande atferd
- rettleiingskompetanse
- ha gode kommunikasjonsevne
- ønskeleg med kunnskap/erfaring frå arbeid med personar med autismeproblematikk
- datakunnskap
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- du må ha førarkort kl B.

Personlege eigenskapar
- fagleg engasjert
- er stabil og fleksibel
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna
- ha godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø
- evne til å skape "det gode liv" for tenestemotakaren

Vi tilbyr
- allsidige utfordringar i eit godt fagmiljø med dyktige medarbeidarar
- fagleg utvikling etter kompetanseplan
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
- tilsette med relevant fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet, begynnarløna vert med 4 års ansiennitet
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. 

Ved tilsetting krev vi politiattest og den skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
 
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
 
Referanse
Oppgi referansar.
 
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.
 
Søkjarlista kan bli offentliggjort.
 

  • Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    28.01.2022
  • Stillingsfunksjon
    Vikariat
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6390, VESTNES
    VESTNES
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4313320
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
  • Oppdatert 18.01.2022