• Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    21.06.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6390, VESTNES
    VESTNES
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3900468
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
  • Oppdatert 02.06.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vestnes kommune

Miljøterapeut - vikariat i 100 % stilling

Offentlig forvaltning

Vi søkjer etter miljøterapeut til vikariat i 100 % stilling ved bueining Liaråket.  Vikariatet er ledig frå 17.08.2021 og fram til omlag 11.04.2022. 

Arbeidstid
Stillinga er i turnus med arbeid kvar 3. helg.

Arbeidsstad
Liaråket ligg i Tomrefjord omlag 10 km frå Vestnes sentrum.  Bu-og habiliteringstenestene yt tenester til personar i ulik alder og funksjonsnivå. Tenesta blir ytt i heimen til den einskilde og er individuelt tilrettelagt.

Arbeidsoppgåver
- nødvendig oppfølging i dagleglivet. Bidra til fagleg arbeid ved eininga og i tenestemotakaren sitt liv
- observere, registrere og kartlegge. Dersom det er nødvendig med bruk av tvang, har du ansvar for saksutgreiing, gjennomføring og evaluering av tiltak
- medikamenthåndtering (dersom helsepersonell)
- gi opplæring til kollega i høve Helse- og omsorgstenestelova kap. 9 og andre faglege tema
- utarbeiding av rutiner i tråd med aktuelt lovverk, miljøreglar og oppfølging av desse
- ivareta krav i høve dokumentasjon

Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter personar som fortrinnsvis er utdanna vernepleiar eller andre med 3-årig utdanning på høgskulenivå innan helse-, sosial eller pedagogiske fag. Gjerne med videreutdanning innen psykisk helse, autismespekterforstyrrelser, målretta miljøarbeid, håndtering av utfordrande adferd m.m.

For stillinga legg vi og vekt på følgjande eigenskapar og innstilling til arbeidet:
- god kunnskap om psykisk utviklingshemming
- kunnskap om gjeldande lovverk for tenesteytinga, særskilt Helse- og omsorgstenestelova kap.9
- ferdigheter innan målretta miljøarbeid og individuell tilrettlegging
- ønskeleg med kompetanse i handtering og førebygging av utfordrande atferd
- rettleiingskompetanse
- ha gode kommunikasjonsevne
- ønskeleg med kunnskap/erfaring frå arbeid med personar med autismeproblematikk
- datakunnskap
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- du må ha førarkort kl B.

Personlege eigenskapar
- fagleg engasjert
- er stabil og fleksibel
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna
- ha godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø
- evne til å skape "det gode liv" for tenestemotakaren

Vi tilbyr
- allsidige utfordringar i eit godt fagmiljø med dyktige medarbeidarar
- fagleg utvikling etter kompetanseplan
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
- tilsette i miljøterapeutstilling ved Kariplassen A som har mindre enn 10 år ansiennitet får godkjent inntil 10 års ansiennitet, årsløn pr. dato kr 500 000,-
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. 

Ved tilsetting krev vi politiattest og den skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
 
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
 
Referanse
Oppgi referansar.
 
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli vurdert.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet.  Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.
 
Søkjarlista kan bli offentleggjort.
 

  • Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    21.06.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6390, VESTNES
    VESTNES
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3900468
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
  • Oppdatert 02.06.2021