• Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    11.11.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5925868
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
Ledig stilling

Gol kommune

Miljøterapeut ved Miljøterapitenesta, Vesterhusvegen

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

100% fast stilling

Miljøterapitenesta gir tenester til barn og vaksne med utviklingshemming, autismespekter-diagnosar og andre funksjonsnedsettingar. Miljøterapitenesta består av fire bufellesskap, eit arbeidssenter og avlastningstilbod.

Vi søkjer:
Miljøterapeut i fast stilling knytt til området Vesterhusvegen. Stillingen inngår i turnus med døgnvakter. Arbeid kvar tredje helg. Det er utarbeidd turnus der det er sett av tid til samarbeidsmøte i turnus.

Arbeidsoppgåver:
• Direkte tenesteyting i henhold til vedtak, dagsplanar, rutinar og prosedyrar
• Helseoppfølging
• Legemiddelhandtering
• Utføre oppgåver i samråd med gjeldande krav til kvalitet og lovverk
• Kartlegge brukarbehov, iverksette og evaluere tiltak
• Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar
• Sørge for at tenestemottakar opplever tryggheit, blir verdsett og behandlast med respekt
• Sikre god kontakt og oppfølging av pårørende
• Bidra til utvikling av eit godt arbeidsmiljø og fagmiljø i avdelinga
• Dokumentere i kommunens dokumentasjonssystem Gerica
• Rolla som primærkontakt kan bli tillagt
• Andre arbeidsoppgåver kan tilleggas stillinga

Kvalifikasjonar:
• 3-årig høgskuleutdanning innafor helse, sosial eller pedagogikk
• God munnleg og skriftleg framstillingsevne
• Førarkort klasse B

Vi ynskjer at du har:
• Kompetanse i målretta miljøarbeid og ernæring
• Kunnskap om og erfaring med utviklingshemming, autisme og epilepsi.
• Kjennskap til hol. kap. 9 (tvang og makt)
• Evne til å arbeide selvstendig
• Gode samarbeidsevner med brukarar, pårørande og kollegaer
• Kunnskap i bruk av elektroniske hjelpemiddel. Det gjeld bruk av verktøy i planlegging og evaluering av det miljøterapeutiske arbeidet.
• Erfaring i bruk av velferdsteknologi og teknologi for brukarane

Vi tilbyr:
• Eit interessant og utfordrande arbeide med varierte og spennande arbeidsoppgåver
• Opplæring og fagleg rettleiing
• Trivelige, nysgjerrige, engasjerte og dyktige kollegaer med godt samhold og mye humor
• Gratis treningstilbod ved GIA og TIBIA
• God pensjonsordning

For stillinga gjeld:
Tilsetting etter lov og avtaleverk

Anna:
• Gyldig politiattest må leggjast fram
• Godkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

 

  • Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    11.11.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5925868
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune