• Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    09.10.2022
  • Stillingstype
    Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4782231
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
Ledig stilling

Gol kommune

Miljøterapeut ved Miljøterapitenesta, Kristenbråten

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ynskjer du utfordrande, varierte og interessante arbeidsoppgåver? Trivast du i lag med menneskjer og ynskjer du trivelege kollegaer? Då er Kristenbråten plassen for deg.

Me har følgjande ledige stillingar:
•1* 45 % fast stilling som miljøterapeut
•1* 82 % fast stilling som miljøterapeut

Det er også ledige helgestillingar.

Turnus består av ulike vakter som langvakter, kveldsvakter og arbeid kvar 3. helg. Det er sett av tid til samarbeidsmøte i turnus.

Arbeidsoppgåver er blant anna:
• å bistå brukarane i gjennomføring av dagleglivets gjeremål og aktivitetstilbod
• å kartlegge brukarbehov, iverksette og evaluere målretta tiltak
• å sørge for at tenestemottakar opplever tryggheit, blir verdsett og behandlast med respekt
• å samarbeide med pårørande og andre samarbeidspartnarar
• å bidra til utvikling av eit godt arbeidsmiljø og fagmiljø
• legemiddelhandtering

Kvalifikasjonar:
• 3-årig høgskuleutdanning innanfor helse, sosial eller pedagogikk
• Evt. Autorisasjon som helsefagarbeidar. Andre med annan relevant fagkompetanse kan vurderast
• Førarkort klasse B
• God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Vi ynskjer at du har:
• Kunnskap om og erfaring med utviklingshemming
• Kompetanse i behovskartlegging, utarbeiding og evaluering av tiltaksplanar.
• Likar utfordringar og er løysningsorientert
• Kjennskap til hol. kap. 9 (tvang og makt)
• Kjennskap til journalsystemet Gerica
• Du tar initiativ, bidrar til utvikling, engasjement og et godt arbeidsmiljø
• Erfaring i bruk av velferdsteknologi og teknologi for brukarane

Vi tilbyr:
• Eit interessant og utfordrande arbeide med varierte og spennande arbeidsoppgåver
• Fagleg rettleiing og opplæring.
• Trivelege, nysgjerrige, engasjerte og dyktige kollegaer med godt samhold og mye humor
• God pensjonsordning

For stillinga gjeld:
Tilsetting etter lov og avtaleverk

Anna:
• Gyldig politiattest må leggjast fram
• Godkjende kopiar av attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.
• I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette, men det skal gode grunnar til for at dette skal bli teke til følgje. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. 
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

 

  • Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    09.10.2022
  • Stillingstype
    Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4782231
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune