• Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    07.04.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5641746
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
  • Oppdatert 16.03.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Gol kommune

Miljøterapeut ved Miljøterapitenesta, Helsetunvegen

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

100 % fast stilling

Miljøterapitenesta gir tenester til barn og vaksne med utviklingshemming, autismespekter-diagnosar og andre funksjonsnedsettingar. Stillinga er knytt til personar som bur i eigen heim i Helsetunvegen. Vi legg vekt på brukarmedverknad der aktivitetar i dagleglivet (ADL) er viktig. Vi har også fokus på fysisk aktivitet, godt kosthald og eit godt og meiningsfylt liv for den enkelte.

Vi søkjer:
Miljøterapeut i inntil 100 % fast stilling knytt til vårt område. Det er to-delt turnus med arbeid dag og kveld, og kvar 3. helg.

Arbeidsoppgåver:
• Direkte tenesteyting i form av hjelp, omsorg og pleie etter individuelle behov
• Utføre oppgåver i samråd med gjeldande krav til kvalitet og lovverk
• Kartlegge brukarbehov, iverksette og evaluere målretta tiltak
• Sørge for at tenestemottakar opplever tryggheit, blir verdsett og behandlast med respekt
• Sikre god kontakt og oppfølging av pårørende
• Legemiddelhandtering og oppfølgjing av tjenestemottakers helse
• Bidra til utvikling av eit godt arbeidsmiljø og fagmiljø
• Dokumentere i kommunens dokumentasjonssystem Gerica

Kvalifikasjonar:
• 3-årig helsefagleg høgskuleutdanning innanfor helse, sosial eller pedagogikk
• Evt. utdanna fagarbeidar med relevant fagbrev.
• God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Vi ynskjer at du har:
• Gode samarbeidsevner med brukarar, pårørande og kollegaer
• Du tar initiativ, bidrar til utvikling, engasjement og et godt arbeidsmiljø
• Kunnskap om og erfaring med utviklingshemming
• Liker utfordringer og er løsningsorientert
• Kjennskap til hol. kap. 9 (tvang og makt)
• kunnskap i bruk av digitale verktøy i planlegging og evaluering av det miljøterapeutiske arbeidet
• Erfaring i bruk av velferdsteknologi og teknologi for brukarane
• Førarkort klasse B

Vi tilbyr:
• Ein interessant og utfordrande jobb med varierte og spennande arbeidsoppgåver
• Opplæring og fagleg rettleiing
• Trivelige, nysgjerrige, engasjerte og dyktige kollegaer med godt samhold og mye humor
• God pensjonsordning
• Gratis tilgang til treningsstudio i Gol Idrettsarena (GOLIAT)

For stillinga gjeld:
Tilsetting etter lov og avtaleverk

Anna:
• Gyldig politiattest må leggjast fram
• Godkjende kopiar av attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.
• I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette, men det skal gode grunnar til for at dette skal bli teke til følgje. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

 

  • Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    07.04.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5641746
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
  • Oppdatert 16.03.2024