• Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    09.10.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4782229
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
  • Oppdatert 24.09.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Gol kommune

Miljøterapeut ved Miljøterapitenesta, Helsetunvegen 1

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Miljøterapitenesta gir tenester til brukarar i eigen heim. Stillinga er knytt til brukarar som bur i eigen heim i Helsetunvegen 1.
Brukarane der er fysisk aktive og avhengige av god struktur i kvardagen. Me søkjer ein person som likar spennande utfordringar og fysisk aktivitet. Arbeidet foregår i team med fleire dyktige medarbeidarar

Vi søkjer:
• 1*90 % Miljøterapeut i vikariat til 1.10.23.
• 1*75 % miljøterapeut i fast stilling.

Turnusen inneber 2- delt turnus på kvardagar og langvakter kvar 4. helg.
Det vil vera mogleg å få ekstravakter for å fylle opp til full stilling.

Arbeidsoppgåver:
• Opplæring og rettleiing i aktivitetar i dagleglivet (ADL)
• Rettleiing i kosthald og fysisk aktivitet
• Tilrettelegging for brukarstyrt kvardag
• Oppgåva som primærkontakt for ein brukar kan bli tillagt stillinga.

Kvalifikasjonar:
• Vernepleiar eller anna 3-årig høgskuleutdanning innafor helse, sosial eller pedagogikk.
• Førarkort klasse B
• Ha gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg

Vi ynskjer at du har:
• Kunnskap om og erfaring med autisme og utviklingshemming
• Gode samarbeidsevner med brukarar, pårørande og kollegaer
• Kjennskap til arbeid med kapittel 9 (tvang og makt)
• God kunnskap i bruk av digitale verktøy i planlegging og evaluering av det miljøterapeutiske arbeidet.
• Erfaring i bruk av velferdsteknologi og teknologi for brukarane.

Vi tilbyr:
• Varierte og spennande arbeidsoppgåver og utfordringar
• Fagleg rettleiing
• Hyggelege kollegaer
• God pensjonsordning

For stillinga gjeld:
Tilsetting etter lov og avtaleverk

Anna:
• Gyldig politiattest må leggjast fram
• Godkjende kopiar av attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.
• I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette, men det skal gode grunnar til for at dette skal bli teke til følgje. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

 

  • Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    09.10.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4782229
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
  • Oppdatert 24.09.2022