Bedrift
Hå kommuneSøknadsfrist
07.05.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
4360, VARHAUG
HÅ
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6599319Se her for andre jobber fra Hå kommune
Hå kommune
Miljøterapeut ved ATO
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
ATO-avdelinga ved Bø skule søkjer nye medarbeidarar til eit engasjert og fagleg sterkt arbeidsmiljø. Stillingane kan delast opp eller kombinerast med utlyst pedagogstilling, avhengig av kvalifikasjonar, erfaring og behov ved avdelinga. Oppgi i søknaden kva stilling og stillingsprosent du ønskjer.
Elevgruppa ved ATO har samansette og omfattande behov, og arbeidskvardagen kan til tider vere krevjande. Samstundes gir arbeidet gode moglegheiter til å utgjere ein viktig forskjell i elevane sin kvardag. Vi ser etter deg som møter elevane med tryggleik, tolmod og varme, og som evnar å stå i utfordrande situasjonar.
Du samarbeider godt med kollegaer, føresette og andre samarbeidspartnarar, og bidreg aktivt til eit godt fellesskap. Erfaring med alternativ tilpassa opplæring og ASK (alternativ og supplerande kommunikasjon) er ein fordel.
Miljøterapeut, 100 % fast frå 01.08.2026 og 100 % vikariat 01.08.26 - 19.03.27.
Kvalifikasjonar:
- Bachelor innan pedagogikk og/eller helse- og sosialfag
- Personlege eigenskaper og erfaring vert vektlagt
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Bedrift
Hå kommuneSøknadsfrist
07.05.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
4360, VARHAUG
HÅ
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6599319Se her for andre jobber fra Hå kommune