• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    08.08.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5813422
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 06.08.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Miljøterapeut/miljøarbeidar psykisk helse og rus

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vere med å vidareutvikle psykisk helse og rustenesta i Sogndal kommune? Me skal opprette ny avdeling på Leikanger og treng fleire tilsette. Her vil du få moglegheit til å vere med frå oppstart og etablere ei heilt ny avdeling. Psykisk helse og rus gir tenester til personar med utfordringar/lidingar innan psykisk helse og-/eller rusmiddelbruk.

Som ein del av tenesta skal du bidra til å gi eit godt tilbod til innbyggjarane i Sogndal kommune i form av oppfylging, behandling og førebygging. Dette inneber og å bidra til vidareutvikling av tenesta i tråd med nasjonale føringar

Ny avdeling på Leikanger skal bemannast dag, kveld og natt og har turnus med langvakter, døgnvakter(med forbehald om godkjenning), nattevakter og nokon få dagvakter.

Vi har ledig 3 stillingar som miljøterapeut/miljøarbeidar innan psykisk helse- og rustenesta, avdeling Leikanger.

2 X 100%

1 X 75%

Arbeid 4. kvar helg. Kan tilby moglegheit for overnatting. 

Ved interne tilsettingar kan det bli ledige andre vikariat/engasjement i tenesta generelt sett.

Det blir gjennomført intervju i veke 34.

 

Arbeidsoppgåver og ansvar:

· Målretta miljøarbeid og miljøterapi

· Praktisk bistand i daglege oppgåver

· Delta i tverrfagleg samarbeid i kommunen, samt med pårørande og spesialisthelsetenesta

· Medikamenthandtering.

· Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk

 

Kvalifikasjonar:

· Bachelor innan helse og sosialfag.

. Autorisert helsefagarbeidar

. Lang erfaring frå liknande arbeid kan kompensere for utdanning

· Erfaring frå arbeid evt vidareutdanning innan psykisk helse/rus og vil vere eit føremon.

· Førarkort klasse B

· Gode norsk kunnskapar

· Politiattest av nyare dato ved tilsetting

 

Personlege eigenskapar:

· Evne til å arbeide målretta, strukturert, fleksibelt og sjølvstendig.

· Har god relasjonskompetanse

· Er fleksibel og reflektert, og kan takle uforutsette situasjonar

· Gode samarbeidsevner og samstundes vere audmjuk for andre sin kompetanse og erfaringar

· Personlege eigenskapar vil i stor grad bli vektlagd.

Det er eit overordna mål å sikre brukarane ein trygg og føreseieleg kvardag der tenesteutøvinga bidreg til rammer og kontinuitet. Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar som respekt, toleranse, tolmod og evne til å handtere krevjande situasjonar. Dette i godt samarbeid med brukarar, og kollegaer internt og eksternt.

Som tilsett vert det forventa at du har evne til å setje deg inn i, og handle ut ifrå, brukar sine samansette behov og at du bidreg til trivsel og godt miljø.

 Me tilbyr:

· Varierte og spanande arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling og under oppbygging.

· Samarbeid med faglege dyktige medarbeidarar.

· Eit godt arbeidsmiljø.

· Gode pensjons- og forsikringsordningar

· Gode velferdsordningar

· Lønn etter tariffavtale

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    08.08.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5813422
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 06.08.2024