• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    19.01.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Lindås
    ALVER
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4299287
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 05.01.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Miljøterapeut/miljøarbeidar - 100 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Alver kommune, psykisk helse og rus teneste- avdeling heimebuande gjev tenester i heile kommunen. Avdelinga har driftskontor på Manger, Knarvik og Frekhaug, samt ulike arbeid og aktivitetstilbod rundt om i kommunen. Vi har nå ledig en fast 100 % stilling innen arbeid og aktivitet – for tida på Ner Kolås.

Om Ner Kolås

Ner Kolås er eit arbeid og aktivitetstiltak for menneske med psykiske helseutfordringar. Ner Kolås er ein møteplass og nytter mellom anna arbeid og aktivitet som verkemiddel for å gi den einskilde oppleving av meistring og ein meiningsfull kvardag. Målet er å gje deltakarane styrke og pågangsmot til å meistre eige liv og nyttiggjere eigen arbeidsevne. Tilbodet er rusfritt og fungerer som ein sosial arena. Vi har tilbod om mange ulike aktivitetar, alt i frå matlaging, handarbeid, verkstad, hage- og utearbeid, spel, turar, friluftsliv og symjing. Fokuset er å ha gode dagar i eit godt fellesskap.

Vi har ein recoveryorientert tankegang og tilnærminga vår er at menneske kan leve meiningsfulle og tilfredsstillande liv, på tross av psykiske helse og rusutfordringar.

Arbeidsoppgåver

  • Kartlegge den einskilde sine interesser, mål og ressursar, og legge til rette for aktivitet og arbeidsoppgåver ut frå dette - i tett samarbeid med deltakarane

Du deltar i aktivitetane og har eit ekstra ansvar for motivasjon til å oppretthalde og gjennomføre arbeidet. Miljøterapi er ein stor del av det samla arbeidet i våre arbeid- og aktivitetstilbod. Du deltek i kvalitetsutviklinga av tenesta, og bidrar til at målsettingar innan tenesta vert nådd. 

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning innan helse, sosial, pedagogikk er ønskjeleg, men ikkje eit krav
  • Lang og god erfaring kan kompensere for manglande høgare utdanning
  • Erfaring frå arbeid- og aktivitetstilbod innan psykisk helse og rus er eit krav
  • Erfaring med å koordinere internt samarbeid
  • Sertifikat klasse B

Personlege eigenskapar

  • Du har erfaring, interesse og engasjement for arbeid innan fagfeltet
  • Du er god på kommunikasjon, samarbeid og samhandling
  • Du har evne til å engasjere og inspirere menneske rundt deg
  • Du er glad i å jobbe i team
  • Du er tolmådig og god til å motivere andre
  • Du har evne til å sjå ressursar hjå den einskilde
  • Du er opptatt av og legge til rette for brukarmedverknad
  • Du er ansvarsbevisst og kan prioritere opp mot dagleg drift, og vidare er du ein pådrivar for å få gjennomført oppgåver

Personlege eigenskapar og evne til samarbeid vil verte vektlagt i stor grad.

Vi tilbyr

  • Medverknad i utvikling av tenestene innan området psykisk helse og rus
  • Teamarbeid i eit fagleg engasjerande, utfordrande og godt arbeidsmiljø
  • Rettleiing
  • Løn og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    19.01.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Lindås
    ALVER
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4299287
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 05.01.2022