Bedrift
Gol kommuneSøknadsfrist
15.01.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3550, GOL
GOL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5993080Se her for andre jobber fra Gol kommune
Gol kommune
Miljøterapeut med fagansvar ved Miljøterapitenesta, Helsetunvegen
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
100 % fast stilling
Vi søkjer:
Miljøterapitenesta har ledig 100 % fast stilling som miljøterapeut med fagansvar. Stillinga inneber 50 % kontortid dag og 50 % arbeid i turnus med brukarar. Turnusen har langvakter kvar fjerde helg.
Har du stor arbeidskapasitet, er strukturert og sjølvstendig, har evne til å rettleie og gode
samarbeidsevner – då håpar vi du søkjer jobb hos oss!
Miljøterapitenesta er ei stor avdeling som er delt opp i ulike områder. Stillinga er knytt til området Helsetunvegen. Vi har faste faglege møtepunkt og personalmøter i turnus.
Arbeidsoppgåver:
• Saksbehandling og oppfølging av vedtak, irekna utarbeiding og oppfølging av vedtak etter hol. kap. 9 og pbrl. 4A
• Oppfølging av brukarane si fysiske og psykiske helse
• Opplæring og rettleiing av tilsette
• Oppdatere, implementere og følgje opp nasjonale veiledere, lovendringar o.l.
• Sikre god kontakt og oppfølging av pårørande, verger, fastlege, spesialisthelsetenesta og andre instansar internt og eksternt
• Koordinere og følgje opp det faglege arbeidet i interne og eksterne grupper
• Kartlegge, iverksette og evaluere det miljøterapeutiske arbeide
• Utarbeide rutinar og prosedyrar
• Bidra til utvikling av eit godt arbeidsmiljø og fagmiljø
• Dokumentere i kommunens dokumentasjonssystem Gerica
• Medisinhandtering
• Rettleie studentar, lærlingar og elevar
• Stillinga kan bli tillagt andre oppgåver
Kvalifikasjonar:
• Bachelor i vernepleie eller sjukepleie, norsk autorisasjon, eventuell annan høgare helse- og sosialfagleg utdanning eller pedagogiske fag.
• God kunnskap og ferdigheit knytt til data og IKT
• God munnleg og skriftleg framstillingsevne
• Relevant erfaring og personleg egnaheit vil bli vektlagt
• Førarkort klasse B
Vi ynskjer at du har:
• Kjennskap til Helse- og omsorgstjenesteloven kapittel 9
• Kompetanse i målretta miljøarbeid
• Kunnskap om og erfaring med utviklingshemming og autisme
• Gode samarbeidsevner, evne til omstilling og er løysningsorientert
• Kunnskap i bruk av elektroniske hjelpemiddel. Det gjeld bruk av verktøy i planlegging og evaluering av det miljøterapeutiske arbeidet
• Erfaring i bruk av velferdsteknologi og teknologi for brukarane
Vi tilbyr:
• Ein interessant og utfordrande jobb med varierte og spennande arbeidsoppgåver
• Opplæring og fagleg rettleiing
• Trivelege, nysgjerrige, engasjerte og dyktige kollegaer med godt samhold
• God pensjonsordning
• Gratis tilgang til treningsstudio i Gol Idrettsarena (GOLIAT)
For stillinga gjeld:
Tilsetting etter lov og avtaleverk
Anna:
• Gyldig politiattest må leggjast fram
• Godkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden
• Under Arbeidserfaring i søknaden, må du oppgi tidlegare arbeidsgivarar og laste opp attest/tenestebevis frå disse. Har du ikkje tenestebevis må du legge ved vedlegg som seier noko om dette
Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først).
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Bedrift
Gol kommuneSøknadsfrist
15.01.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3550, GOL
GOL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5993080Se her for andre jobber fra Gol kommune
-
Vernepleiar/sjukepleiar med fagansvar ved Miljøterapitenesta, Helsetunvegen
Gol kommune
GOL -
Miljøarbeidarar ved Miljøterapitenesta, Gol arbeidssenter/Helsetunvegen
Gol kommune
GOL -
Tilkallingsvikar Gol helsetun institusjon og demensomsorg 2024
Gol kommune
GOL -
Tilkallingsvikar ved Miljøterapitenesta
Gol kommune
GOL -
Aktivtetskontakt / Støttekontakt
Ål Kommune
ÅL