• Company
    Surnadal kommune
  • Application deadline
    28.09.2022
  • Form of employment
    workTime.Skift/turnus
  • Industry
    Brannvesen
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6650, SURNADAL
    SURNADAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4751161
  • Look here for other jobs from Surnadal kommune
  • Updated 06.09.2022
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Surnadal kommune

Miljøterapeut: Inntil 3x100% faste stilling

Brannvesen

MILJØTERAPUTSTILLINGAR I BU- OG AKTIVITETSTENESTA I SURNADAL KOMMUNE

Bu- og aktivitetstenesta gir tilbod om mellom anna helsehjelp, praktisk bistand og opplæring, samt at vi gir aktivitets- og arbeidstilbod til menneske med utviklingshemming og andre med særskilte hjelpebehov.

Målet er å bidra med hjelp og rådgjeving slik at kvar enkelt opplever å vere trygg ha best mogleg livskvalitet.

Vi har ledig inntil 3x100% faste stillingar. Om du ønskjer ein lågare stillingsprosent er det mogleg.

Dei faste stillingane er ledig for vernepleiarar, men andre med 3-årig helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning eller pedagogisk utdanning kan også søke.

 Arbeidsoppgåver:

  • Miljøarbeid og praktisk bistand etter gjeldande retningslinger
  • Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutiner og gjeldande lovverk
  • Opplæring og kollegaveiledning 
  • Bidra til fagleg utvikling i eininga
  • Legemiddelhandtering
  • Samarbeid med pårørande og verger
  • Administrative oppgåver kan bli lagt til stillinga

 Kvalifikasjonar:

  • Vernepleiar, men andre med 3-årig helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning eller pedagogisk utdanning kan søke
  • Erfaring med og interesse for brukargruppa
  • Kunne ta i bruk data- og dokumentasjonsverktøy vi brukar
  • Du er fagleg trygg og har evne til både å arbeide åleine og i samarbeid med andre
  • Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og muntleg

 Personlege eigenskapar:

- ansvarsbevisst, påliteleg og nøyaktig

- kunne sette brukaren sin ønske og behov i fokus

- evne til å arbeide planmessig og systematisk, og ha god gjennomføringsevne

- gode omsorgsevner

- vere god på sjølvstendig arbeid men òg til å samarbeide godt med andre

 Å vere personleg egna vil bli lagt vekt på ved tilsetting.

 Tilsettingsvilkår:

Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart i stilling.

Du må ha førakort kl.B

 Vi tilbyr:

- Utfordrandeog varierte arbeidsoppgåver

- godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer

- gode pensjons- og forsikringsordningar

- kommunale tilsettingsvikår og lønn i tråd med gjeldande avtaleverk

- flyttegodtgjersle i hht reglane i personalplanen

 

 

  • Company
    Surnadal kommune
  • Application deadline
    28.09.2022
  • Form of employment
    workTime.Skift/turnus
  • Industry
    Brannvesen
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6650, SURNADAL
    SURNADAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4751161
  • Look here for other jobs from Surnadal kommune
  • Updated 06.09.2022