Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Miljøterapeut i medlevarturnus

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Førde bu- og miljøteneste, eining 3 er ei av 6 bu og miljøeiningar i kommunen. Eininga vår er delt i tre soner med to avdelingar i Førde og ei på Vassenden fordelt på om lag 22,5 årsverk. Vi tilbyr døgnkontinuerleg tenester til personar med psykisk utviklingshemming  som treng langvarige og koordinerte tenester. Vi jobbar brukarnært og mange treng kontinuerleg oppfølging med trygge og føreseielege rammer. Dette inneber støtte og opplæring knytt til dagleglivet sine funksjonar. Støtta inneber også hjelp til å handtere og meistre somatiske og psykiske vanskar.

Vi har ledig:
  • 100 % fast stilling som miljøterapeut i døgnturnus («medlevar») i omsorgsbustar på Vassenden

Vi ønsker å finne ein dyktig fagperson som kan bidra positivt inn i eininga vår. Har du eit stort engasjement og interesse for å arbeide med menneske med samansette hjelpebehov, og ønsker å vere del av eit kompetent fagmiljø basert på eit fagleg og målretta miljøarbeid? Då kan dette vere stillinga for deg.

Her arbeider du med ein tenestemottakar. Du bur på arbeidsplassen når du jobbar døgnvakt, og arbeider inntil 3 døgn og 4.kvar helg, for deretter å ha langfri inntil ei veke. Ein person arbeider døgnvakt med sovande nattevakt og den andre personen arbeider langvakt, og bytar vekselvis på dette i turnus.

Arbeidsoppgåver:
  • sikre eit fagleg og målretta miljøterapeutisk arbeid til brukar
  • bidra i fellesskap til planlegging og systematisering av arbeidsdagen
  • legemiddelhandtering
  • følgje opp vedtak, registrering og rapportering
  • samarbeide med tverrfaglege instansar og pårørande
  • vere ein pådrivar til fagleg utvikling, evaluering og rettleiing
  • fokus på aktivitetar, ernæring og god livskvalitet i kvardagen
  • førefallande arbeidsoppgåver i bustadane
Kvalifikasjonar:
  • fortrinnsvis bachelor innan vernepleie/sjukepleie, men annan relevant 3 årig sosialfagleg høgskuleutdanning kan vurderast.
  • erfaring med målretta miljøarbeid til menneske med psykisk utviklingshemming/autisme
  • god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • erfaring med å jobbe etter vedtak i HOL kap 9
  • førarkort (manuell gir)
  • godkjent politiattest
  • gode IKT kunnskapar
Vi søker deg som:
  • er roleg, robust og kan handtere krevjande situasjonar
  • fleksibel ,god evne til å skape gode relasjonar og har evne til å sette grenser
  • gode samarbeidsevner , bidra til eit godt arbeidsmiljø og fokus på å spele kvarandre gode
  • er fagleg sterk, engasjert og løysingsorientert
  • tar initiativ og  ansvar, kan jobbe sjølvstendig, strukturert og resultatorientert
  • personlege eigenskapar vektast høgt

 

Vi tilbyr:
  • godt arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige kollegaer
  • spennande og faglege utfordringar
  • opplæring/rettleiing/fagleg oppdatering
  • løn etter gjeldande avtaleverk
  • attraktiv turnus med arbeid 4 kvar helg i døgnturnus/langvakter og langfri

Du søker elektronisk.

Velkomen som søkar!