Ledig stilling

Sunnfjord kommune

Miljøterapeut i langvaktsturnus

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Førde bu- og miljøteneste, eining 3, yt døgnkontinuerleg tenester til personar med psykisk utviklingshemming  som treng langvarige og koordinerte tenester. Dette inneber støtte og opplæring knytt til dagleglivet sine funksjonar som hygiene, ernæring og sosiale ferdigheiter. Støtta inneber også hjelp til å handtere og meistre somatiske og psykiske vanskar. 

Vi søker deg som har eit fagleg engasjement og er pådrivar til å utvikle gode tenester med brukarmedverknad i fokus!

Vi har ledig:
  • 90 % fast stilling i langvaktsturnus
Arbeidsoppgåver:
  • sikre eit fagleg og målretta miljøterapeutisk arbeid til brukargruppa
  • kartleggingsarbeid og primærkontaktansvar
  • ansvar for legemiddelhandtering og oppfølging av dokumentasjon
  • oppfølging i dagleglivet sine oppgåver og aktivitetar
  • delta og arrangere møter med interne og eksterne samarbeidspartnarar og pårørande
  • utvikle og vedlikehalde kvaliteten på tenesta
  • er ein pådrivar til fagleg utvikling og rettleiing av medarbeidarar og studentar
  • fokus på aktivitetar, ernæring og skape ein god kvardag for brukarane
Kvalifikasjonar:
  • norsk autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar
  • god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • erfaring med målretta miljøarbeid og god fagleg innsikt
  • stødig på å handtere utfordrande åtferd og uforutsette situasjonar
  • førarkort (manuell gir)
  • godkjent politiattest før oppstart i stillinga
  • gode IKT kunnskapar
  • er god til å bygge relasjonar
  • personlege eigenskapar vektast høgt
Vi søker deg som er:
  • positiv, fleksibel og løysingsorientert
  • trygg og tydeleg
  • likar å jobbe både sjølvstendig samt i eit team
  • er ansvarsbevisst og kan ta sjølvstendige avgjerde
  • er tolmodig og har evner til å sette grenser
  • har stor interesse for psykisk helse og psykisk utviklingshemming- og held deg fagleg oppdatert
Vi tilbyr:
  • godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • spennande og faglege utfordringar
  • rettleiing/fagleg oppdatering
  • lønn etter gjeldande avtaleverk
  • langvaktsturnus (12,5 t), langfri. Arbeid 3 kvar helg

Du må søke elektronisk.

 

Velkommen som søkar!