• Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    10.05.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3763529
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
  • Oppdatert 29.04.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Gol kommune

Miljøterapeut i Kristenbråten

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Miljøterapitenesta gir tenester til heimebuande i Kristenbråten og Helsetunvegen. Vi gir også tenester til Avlastning og pårørandestøtte, samt av vi har eit arbeidssenter for aktivisering. Kvart område har dedikerte leiarar. Avdelinga er omorganisert for å gi ein best mogleg teneste og for at du som arbeidstakar skal bli ivaretatt på ein god måte. Vi er omlag 150 tilsette og håpar du vil vera ein del av laget vårt.

Vi legg vekt på brukarmedverking i det daglege der «Aktiviteter i dagleglivet» (ADL) er viktig. Vi har også fokus på kosthald, fysisk aktivitet og at eit godt liv for den einskilde bebuar.

Stillinga som miljøterapeut er knytt til bebuarar i Kristenbråten. Det er eit privat bosameige beståande av 7 leilegheiter.

Stillinga har arbeidstid i turnus med langvakter og arbeid kvar tredje helg.

Arbeidsoppgåver:
• Ansvarleg for hol kap. 9-vedtak
• Delta og legge til rette for daglege gjeremål for bebuarar
• Delta i aktivitetar i bebuarars kvardag
• Samarbeid med spesialisthelsetenesta

Kvalifikasjonar:
• Vernepleiar / sjukepleiar eller anna høgskuleutdanning med bachelor innan helse og sosialfag eller pedagogiske fag.
• Førarkort for bil
• Gode norskkunnskapar

Vi ynskjer at du har:
• Kjennskap til hol kap 9
• Kjennskap til psykisk utviklingshemma

Vi søkjer etter deg som:
• Har gode samarbeidsevner
• Er løysingsorientert
• Er positiv, engasjert og villig til å gi det lille ekstra for brukarane

Vi tilbyr:
• Engasjerande arbeidsoppgåver
• Fagleg samarbeid
• Moglegheit for fagleg utvikling

For stillinga gjeld:
• Løn etter gjeldande tariffavtalar
• Gode pensjonsordningar

Anna:
• Gyldig politiattest må leggjast fram
• Godkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjør oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først).
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

 

  • Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    10.05.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3763529
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
  • Oppdatert 29.04.2021