• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    27.11.2022
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4881112
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 18.11.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Miljøterapeut i 100 % fast tilsetjing

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

 

Kort om stillinga

 

Me har ledig ein 100 % fast stilling ved Prestbrekka Bufellesskap. Stillinga har arbeid i turnus med dag- og kveldsvakter og jobb kvar 3 helg.

 

Me ser hovudsakleg etter autorisert vernepleiar til stillinga, men andre med minimum 3-årig helse- eller sosialfagleg utdanning, eller utdanning som barnehagelærar er også velkommen til å søkje.

 

Om habiliteringstenester i Alver komune 

 

Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til menneske som treng rettleiing, hjelp, opplæring og helsehjelp for at dei skal oppleve meistring og god livskvalitet. Tenestene vert gjeve i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetssenter, og ulike former for avlastning for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Under habiliteringstjenestene finn ein også støttekontakttjeneste samt koordinatorar for Individuell Plan.

 

Om Prestbrekka Bufellesskap

 

Prestbrekka bufellesskap ligg sentralt på Manger, og er heimen til pr i dag 8 personar med ulikt bistandsbehov. Målet er å gje tenester av høg kvalitet for å sikre ein best mogeleg kvardag for den einskilde.

 

Arbeidsoppgåver

 

  • Reguleringsstøttande samhandling, byggje sjølvkjensle og sjølvstende.
  • Bidra til fagleg utvikling.
  • Delta på samarbeidsmøter rundt den enkelte beboer
  • Dagleg tilrettelegging og planlegging av tenesteytinga
  • Legemiddelhåndtering
  • Bidra til at daglege praktiske oppgåver vert gjennomført
  • Dokumentasjon av tenesteytinga, i Profil
  • Delegerte oppgåver frå Leiar

 

Kompetansekrav

 

  • Offentleg godkjend vernepleiarar vil bli prioritert. Andre med minimum 3-årig helse- eller sosialfagleg utdanning (miljøterapeut) er også velkommen til å søkje. 
  • Førarkort klasse B
  • Erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming, psykiske lidingar, ADHD og utfordrande åtferd
  • God norsk skriftleg og munnleg formidlingsevne

 

Ønskt kompetanse

 

  • Du har evne og erfaring til å takle andre personar sine utfordringar og å møte brukar i sårbare situasjonar på «deira utviklingsnivå»
  • Du har evne til å etablere og utvikle gode relasjonar til brukar og kollegaer
  • Du er ein tydeleg og trygg omsorgsperson
  • Du er aktiv og kreativ når det gjeld å motivere, men også rolig og tolmodig når situasjonen krev dette
  • Du er interessert i å «gjere ein forskjell» når du er på jobb
  • Du er opptatt av refleksjon omkring tenesteytinga og lojalitet knytt til felles retningsliner
  • Du er fleksibel
  • Kjennskap til Lov om kommunale helse og omsorgstenester, kap. 9 er eit føremon

 

Personlege eigenskapar vert vektlagt til stillinga 

 

Vi tilbyr

 

  • Høgt fagleg nivå
  • Avsett tid til fagleg arbeid
  • Ein variert arbeidskvardag med faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø
  • Pensjonsordning via KLP 
  • Løn etter tariffavtale

 

Politiattest

 

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    27.11.2022
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4881112
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 18.11.2022