• Company
    Aukra kommune
  • Application deadline
    04.09.2024
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5849371
  • Look here for other jobs from Aukra kommune
  • Updated 17.08.2024
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Aukra kommune

Miljøterapeut fast 100 % stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi ønskjer ny medarbeidar med på laget!

Har du interesse for målretta miljøarbeid og arbeid med tilrettelegging, motivasjon og meistring så ønskjer vi deg som søkjar på stilling som miljøterapeut.

Vi har fleksible turnusordningar med vanleg vaktlengde/langvakter. 

 

Om Aukra

Aukra kommune har ca 3600 innbyggarar fordelt mellom øya Gossen og fastlandet Julsundet. Kommunen ligg i naturskjønne omgivelser i havgapet, og det er ca 25 minutt til næraste by, Molde. Kulturlivet i regionen er variert, og det er moglegheit for variert friluftsliv. Aukra kommune har nye skoler, barnehagar, omsorgsenter og kulturhus med svømmebasseng, kafe og kino. Andre fritidstilbod som fins er treningssenter, motorsportklubb, kulturskuletilbod, idrettslag, naturstiar og moglegheit for jakt/fiske.

Om stillinga

Som vernepleiar vil du vere med på å utforme og tilrettelegge kvardagen til dei som mottek teneste både når det gjeld kvardagslege gjeremål, aktivitet, arbeid og fritid. Vi søkjer deg som har utdanning som vernepleiar eller tilsvarande helse- og sosialfagleg høgskoleutdanning. Om ein ikkje får tilstrekkeleg med kvalifiserte søkjarar kan helsefagarbeidarar bli vurdert for stillinga. Det er ein fordel om du har kjennskap og erfaring med arbeid med tanke på kap. 9 Helse- og omsorgstjenesteloven. Ein anna viktig del av arbeidet er å skape trivsel og meisting gjennom aktivitet og arbeid. Stillinga er oppretta med langvakter.

Krav til søkjar

Vernepleiar eller anna helse - og sosialfagleg høgsoleutdanning Helsefagarbeidar kan vurderast

Godkjent autorisasjon

Interesse for målretta miljøarbeid

Sjå nytte av teknologi i omsorgsarbeidet

Personelg eigna for stillinga med vekt på samhandling og fleksibilitet

Digital kompetanse

God munneleg og skriftleg språk (nynorsk)

Førakort klasse B

 

Vi tilbyr
Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer
Løn etter tariff
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning 
Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk

Kompetanseheving
Tilbod om deltaking på kurs
Tilgang på e-læringskurs
Støtte til etter- og vidareutdanning som kommunen etterspør jmr. kompetanseplan

Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding

Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader

 

Søkarliste:

Du kan reservere deg frå søkarlista, men må grunngjeve kvifor i søknad. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om å ikkje bli oppført på søkarlista jmf. Offentleglova §25. Du blir varsla om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

 

 

 

  • Company
    Aukra kommune
  • Application deadline
    04.09.2024
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5849371
  • Look here for other jobs from Aukra kommune
  • Updated 17.08.2024