Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Miljøterapeut/fagarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Aktivitetseininga i Sunnfjord kommune har aktivitetstilbod til vaksne i alle aldrar i Sunnfjord kommune. Aktivitetstilbodet kan gjevast som opplæring, arbeid eller anna type dagaktivitet til menneske som av ulike grunnar har behov for tilrettelegging eller bistand. Vi har også ansvar for Senter for friskliv og frivilligheit. Vi er i alt 45 positive og engasjerte medarbeidarar som jobbar i eininga fordelt på små og store stillingar i heile kommunen.

Vi har ledig følgande stilling:
  • 50-60 % vikariat som miljøterapeut/fagarbeidar frå 01.03.2021 - 31.01.2022
Stillinga er på dagtilbod for personar med nedsett funksjonsevne og menneske med psykiske utfordringar. Stillinga er i utgangspunktet tilknytt arbeidsstad Førde, men det kan vere aktuelt med arbeidsoppgåver knytt til andre arbeidsstader i kommunen.
 Arbeidsoppgåver:
  • legge til rette for gruppe- og/eller ein til ein aktivitetar for personar som har dagtilbod hos oss, og som av ulike årsaker ikkje kan delta i vanleg arbeidsliv
Aktivitetar vi tilbyr i dag er; produksjon av varer til butikken vår, kantinearbeid, stell og vedlikehald av grøntareal og fysisk aktivitet . Målet med aktivitetane er meistring for brukarane og at kvar enkelt skal ha ein meiningsfull kvardag.
 Krav til søkar:
  • fagleg relevant høgskuleutdanning eller fagarbeidar innan helse- og sosial
  • førarkort klasse B
  • god IKT- kompetanse
  • gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • gyldig politiattest
 Vi søker deg som:
  • er kreativ og glad i menneske
  • har god arbeidskapasitet
  • er engasjert og har evne til å motivere
  • har god kjennskap til bruk av IT-verktøy; i Sunnfjord kommune nyttar vi journalprogrammet CosDoc
  • er fagleg trygg og flink til å samarbeide med andre 
 Vi kan tilby:
  • utfordrande, varierte og meiningsfylte arbeidsoppgåver
  • samarbeid med mange engasjerte menneske i kommunen
  • lønn etter kommunal tariff

 

Du må søke elektronisk.

 

Velkommen som søkar!