• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    21.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4716113
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 05.08.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Miljøterapeut - 70 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi auker bemanninga og har difor ledig 70 % fast stilling som miljøterapeut. Stillinga er planlagt organisert med kombinert kortvatker og langvakter med arbeid kvar 4. helg. Kortvakter er på inntil 7,5 time, medan langvakter er på inntil 12 timar. Stillinga er for tida knytt til psykisk helse og rus, avdeling heildøgnsbemanna butilbod, ved Røsvikdalen omsorgsbustad pluss i Knarvik. 

Om Psykisk helse og rus, avdeling heildøgnbemanna butilbod

Avdeling heildøgnbemanna butilbod er ei eiga avdeling med fire bufellesskap for menneske med alvorlege psykiske lidingar og ROP-lidingar. Avdelinga inkluderer også ein institusjon for menneske med alvorlege psykiske lidingar. Avdelinga har som mål å skape gode og trygge butilhøve, stabilitet og tilpassa tenester for den einskilde. Målet er å hjelpe enkeltmenneske til å leve eit sjølvstendig og godt liv i eigen leilegheit, med tilpassa oppfølging. Brukarmedverknad, meistring og recoverybaserte metoder er viktige rettesnorer i det miljøterapeutiske arbeidet. Avdelinga har tre bustader lokalisert på Lindås, ein i Knarvik medan institusjonen vår ligg på Manger. Stillinga er for tida knytt til Røsvikdalen omsorgsbustad pluss i Knarvik, og gjev tilbod til 6 personar. 

 

Arbeidsoppgåver

  • Miljøterapi og individuell oppfølging av brukarar i eige bumiljø
  • Relasjonsarbeid med fagleg tilnærming
  • Gjennomføre og leggje til rette for naudsynt helsehjelp
  • Samtalar og aktivitet etter vedtak tilpassa den einskilde
  • Bidra til godt bumiljø som medmenneske og fagperson
  • Delta i kvalitetsutviklinga i tenesta, og bidra til at målsettingar innan tenesta vert nådd
  • Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar for å skape eit heilskapleg tenestetilbod

Kompetanse

Krav til kompetanse

  • 3-årig helse og sosialfagleg høgskuleutdanning
  • Førarkort klasse B
  • Erfaring frå fagfeltet

Ønskt kompetanse

  • Vidareutdanning innan psykisk helsearbeid

Personlege eigenskapar
Som miljøterapeut har du

  • engasjement og interesse for fagfeltet psykisk helse og rus
  • arbeidserfaring frå feltet

Du er trygg i deg sjølv og i møte med andre. I tillegg er du initiativrik, fleksibel og likar å arbeide i team. Ved tilsetjing vert det lagt avgjerande vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

Eit sjølvstendig arbeid i eit fagleg engasjerande og godt arbeidsmiljø
Fagutvikling
Rettleiing
Tilsetjing ihht gjeldande avtaleverk
Pensjonsordning i KLP

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    21.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4716113
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 05.08.2022